Tankar rundt studentlivet

I år har eg den store glede av å studere. Av ein eller anna grunn var eg ikkje oppteken av slikt då eg var rundt 20. Men det var alltid ei lita sorg at eg ikkje hadde fått gjere det, som vokste seg større og større etterkvart som åra gjekk. Og endelig, etter passerte 30 fekk eg mulighet. No nyt eg det. Tenk å få sette av tid til å reflektere, og la seg forme og ta til seg ny kunnskap! I mange kristne miljø er dette desverre ikkje verdsatt, iallefall ikkje det å studere teologi, og iallefall ikkje i prinsekarismatiske miljø. For det er liksom skadelig for trua. Eg har opplevd det motsette. Gjennom studiene har eg fått eit mykje meir reflektert forhold til trua og livet. Kompetanse er undervurdert. Eg trur at det er ein av grunnane til at så mange slit seg ut i norsk frikirkeliv. Utrulig mange møter veggen på grunn av inkompetete ledarar på eine sida, og manglade sjølvinnsikt på andre sida. Eg har vore ein av dei. Ein er ung og har masser av både mot og krefter, heilt til den dagen det dundrer i veggen, mest fordi ein kanskje ikkje har lært seg å sette grenser, og vere balansert i sitt eige liv.

Å ta til seg kunnskap er livsviktig. Det seiast at ledarar er lesarar. Eg fnøys litt av den påstanden tidlegare. Men det som meinast er sjølvsagt at dei som har innflytelse på andre, bør sørge for å utvikle seg sjølve, og stadig sørge for å få påfyll, ikkje berre åndelig, men og sjelelig. Derfor bør alle ledarar vere lesarar!

Så dagens oppfordring er: les gode og utviklande bøker, som utfordrer. Ikkje berre litteratur som som er heilt einig i! Les og bøker som provoserer og får deg til å tenke.Det var Gud som skapte deg med hovud og evnen til å reflektere!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s