Vinkemannen

Det var i dag eg kom over den facinerande historia om vinkemannen. John Johnsen som han heitte, gjekk langs vegen i Lindås på E39 og vinka, rett og slett berre for å spreie glede og oppmuntre folk. Men det var ei tid då vinkemannen var langt nede, han hadde blitt enkjemann, og var i stor sorg. Han isolerte seg. Men ein dag var det nokon som køyrde forbi, og vinka. Det gjorde noko med denne mannen, som bestemte seg for å bruke livet sitt til å oppmuntre andre. Så der har han gått langs vegen, og vinka, og spreidd glede. «Om eg berre får glede eit menneske, så har eg gjort noko stort og viktig,» sa han. Det er vakkert sagt. Og sant.

Historia greip meg. Eit lite vink langs vegen. Tenk kva det gjer. No er vinkemannen død, men snart 7000 har meldt seg inn i facebookgruppa R.I.P vinkemannen. Han vil bli savna. Han som berre gjekk der og vinka. Det som kunne verke så enkelt, var likevel til så stor glede for så mange.Det kjem nok til å kome mange i gravferda. Vinkemannen har tydeligvis sett spor.

Det er så lite så lite som skal til. Eit lite vink, eit lite hei, eit smil. La oss bli flinkare på å «vinke». Det betyr meir enn vi trur!

Ha ei fin helg!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s