«Kven har synda?»

Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. Disiplane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?» Jesus svara: «Verken han eller foreldra hans har synda. Men det hende for at Guds gjerningar skulle syna seg på han. Johannes 9

Kvifor er eg sjuk? Så utrulig mange sjuke spør seg dette. Det var ei tid eg og gjorde det. Fordi eg var ein del sjuk, kom sjølvbebreidelsen. Kva har eg gjort som gjer at eg opplever dette? For vi har opplevd ein del sjukdom i vår familie, både med barna og meg. Det er vel derfor eg reagerer så skarpt på undervisninga til Thurman Scrivner på Visjon Norge om at synd alltid er årsaka til sjukdom. Dei trudde det i si tid, jødane også. Derfor spurte lærersveinane om den blindfødde, «Rabbi, kven har synda?» Det er eit naturleg spørsmål for det religiøse mennesket. Vi leitar etter svar. Vi ønsker oss vel lettvindte svar på det meste. Jesus svarar  litt gåtefullt; «verken han eller foreldra hans har synda. Men det hende for at Guds gjerningar skulle syna seg på han.»

Sjøvbebreidelse fører intet godt med seg. Eg kjenner ein familie som opplevde at deira livsfriske 2-åring vart skada for livet i ei trafikkulykke. Og folk har faktisk fått seg til å fortelle dei at dette har med synd å gjer. Det gjer vondt langt inn i hjarterota. For kva har ein 2 åring gjort, som fortener ei slik straff? Eller kvifor skulle ein liten gut li på grunn av sine foreldre? For eit gudsbilete dei har som kan seie slikt!

Mange sjukdomar har sitt opphav i bakteriar, virus eller ubalanse i kroppen utan at dette betyr at det har noko som helst med synd å gjer. Så finst det livsstilsjukdomar som følge av at ein vanvørder kroppen sin, med røyk, alkohol, rusmidler, og matmisbruk. Det kan ein kanskje kalle synd. Men om ein har diabetes pga overvekt vil det jo ikkje løyse noko å be om tilgjeving. Men det vil hjelpe å slanke seg! Eller om ein har høgt blodtrykk på grunn av stress, vil det vere smart å finne seg gode måtar å takle stress på, byrje å trene og leve sunt. Det hjelper lite å berre omvende seg på eit møte.

Når ei kvinne så får diagnosen brystkreft, kva skulle det då hjelpe å belære: «Du har synda!» Jesus gjorde ikkje slikt. Vi lever i konsekvensen av at verda ligg i det vonde, og vi lever i syndefallets kollektive konsekvens. Alle av oss er under det. Difor er ikkje den «plettfrie» og snille kristne nødvendigvis spart frå å oppleve vonde ting. Og det mest hardbarka ateisten, eller den kriminelle storsvindlaren kan ha jernhelse. Difor er det nytteslaust å henvise til eit menneske sine gode gjerningar når ein ber om at Gud skal gripe inn. Alt vi kan be om er at Gud i sin nåde skal sjå til oss. Og nokre gonger skjer det fantastiske; og mirakel skjer. Andre gonger skjer det ikkje.

Vi må la Gud vere Gud. Vi får ikkje alltid svara vi vil ha. Gud har ein annan oversikt. Så vi får godta det, og bli der, i det at vi er små små menneske, som får kvile i Guds store store nåde.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s