Vanskelig å vere kristen?

Stadig høyrer eg frå talerstolar; «det er så vanskelig å vere kristen». Eller eg leste i Norge i Dag i går: Det er så tøft å vere kristen i Norge i dag. Til og med muslimane har det visst bedre viss eg skal tru vekeavisa. Eg trur rett og slett ikkje det eg les. For aldri før har iallefall eg opplevd meir openhet for den åndelege dimensjonen. Aldri før har det vore lettare å snakke om tru og tvil. Folk er opptekne av det, bakom fasadene. Mitt inntrykk er at tabuene rundt religion er mindre i dag, enn dei var før. Det er godtatt å tru nesten kva som helst har eg inntrykk av. Eg skal ikkje sei at enkelte ikkje opplever det tøft å vere kristen. Men mitt sterke inntrykk er at om ein står for det ein trur på, er stolt av det, og snakkar opent om det, er heilstøpt som menneske, og eit godt forbilde, utan å tre evangeliet ned over hovudet på folk, så får ein stort sett respekt.

Uansett føler eg å sei at vi har det så ille her til lands er eit hån mot verdens forfulgte kristne og andre som blir forfulgte av ulike årsaker. Ikkje blir vi torturert, eller banka opp. Ikkje misser vi jobben, ikkje blir vi nekta nødvendig nødhjelp fordi vi har feil tru, ikkje blir vi fengsla for vår tru, ikkje er vi i livsfare. Var det nokon som snakka om forfølging? Å møte litt motstand på jobben, eller eit hånlig flir må vi da tole? Eller har vi blitt sytekoppar?

Advertisements

2 Comments

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s