Perfect home

Velkommen til mitt “Perfekte hjem AS”. Her er alt på stell, Chabby Chick, landstil, kvit stil, eller var det forresten ut igjen? Vi liker å framstå som perfekte. Vi likar å ha alt på stell. Alt skal stå i stil, og tekoppande skal stå i stil med sofaen. Velkommen til mitt «Perfect home».

Interiør er i høgsetet som aldri før. Vi blogger om det,les om det, steber etter det. Og vi er verdsmesterar i oppussing. Vi vil ha fine hus og flotte stover. Og her kastar eg stein i glashus, for eg likar sjølv å ha det fint rundt meg, og er kanskje meir enn middels oppteken av estetikk.

Men må verkeleg stovene våre sjå ut som bileter frå glansa interiørmagasin? Gløymer vi det som verkeleg skaper ein god heim, som kjærleik, varme, raushet, gjestfrihet og trygghet? Når unge kvinner blir slitne av å holde tritt alle trendane, og holde huset perfekt (ifølge eit Puls på NRK for ei tid tilbake), har det tatt ein tanke av.

“Our family is raised on love”, stod det på eit skilt eg har tenkt å kjøpe meg. Det er ikkje interiøret som gjev karakter til heimane våre, men kjærleiken som er der. Eg trur vi går oss vill i interiørhysteriet til tider. Kva med å slappe av? Den gamle furubokhylla funker fortsatt! Verda står lenger enn til påske!

Kva vil du folk skal sitte att med etter ein kveld i din heim? At du hadde det så fint, og dei nye lysestakane dine som så utrulig flott stod til kaffiserviset? Eller at dei kunne slappe av og kjenne at her var det godt å vere? Det perfekte slår sprekker ein dag, om vi ikkje bygger det vesentlige, kjærligheten. Ein familie basert på kjærlighet slår sjeldan djupe sprekkar. Det vil eg heller ha enn ein perfekt heim AS.

Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s