Å la seg endre

fotograf: Solveig Grønstøl

Korleis tar du imot ny kunnskap? Ofte leiter vi etter ny kunnskap som eiegntleg berre brekrefter det vi trudde frå før. Slik kan vi gå glipp av mange nye oppdagingar. Ei sa noko til meg ved ei anledning: Eg stressa og kava for å huske alle detaljane til ein eksamen, så ho sa: Det er ikkje detaljane i studiet som er viktig Solveig, men sjølve dannelsen! Og for ei oppdaging det vart for meg. For dannelsen blir ei reise, eg forandrer meg, er underveis, kan ikkje alt, forstå ikkje alt. Men eg tenker, endrast, reflekterer og stiller spørsmål. Det er mykje meir spennande enn å lære ferdige svar, og leite etter bekreftande kunnskap.

Det er berre i kriser vi mennekser forandrer oss seiest det. Vi kjem i krise, og plutselig opdager vi at det vi trudde ikkje held mål. Vi må revurdere våre stanpunkt, og endre oss. Eg liker å møte folk som er villige til å endre seg. Tenk kor tragisk det er å møte menneske som ikkje forandrer seg! Om eg hadde dei samme synspunkta i dag som for 5 år sidan hadde det vore intet mindre enn tragisk.

Før var eg redd for å sei at eg ikkje hadde eit svar. No trigger det meg meir. Noko å fundere på, noko å leite etter. Skattejakt- det er jo spennande!

Scott Wilson (fagasnsvarleg for lederskolen) seier at åndeligheten til eit menneske kan målast i evnen til å endrast. Det er ein spennande tanke. Er vi villige til å gå inn i ein endringsprosess? For å vokse, må ein endrast! Og ofte gjer det vondt, ein må gjennom kriser for å endrast. Men resultatet blir bra, om vi våger! Tør du? Men for å endrast må vi vere open i møte med ny kunnskap, og ikkje berre leite etter det vi trudde frå før. For om du gjer det, kjem du ikkje til å foradre deg ein smule.

Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s