Misforstått toleranse

Sognepresten i Ellingsrud ville at barna skulle lese frå Koranen i skulegudstenesta. Heldigvis protesterte foreldra, og det vart ingen koranlesing i sjølve gudstenesta. Dette er vel eit utrykk for eit ønske frå presten si side om å vere tolerant. Og det kan høyres fint ut. For det står fint om Jesu fødsel i Kornanen. Men likefullt ville dette vore eit overtramp på mange måtar. Først og fremst for barna, som ikkje kunne reservere seg mot å lese, og dermed forkynne frå ein annans religions bok. Det andre er at vi da tross alt er kristne, og ei gudsteneste er ikkje plassen til å lese andre sine heilage tekstar. Det er greitt å ha kjennskap til Koranen. Eg har eit eksemplar av ei norsk oversetjing i bokhylla mi, saman med buddhistiske tekstar, hinduistiske tekstar og andre diverse religiøse tekstar frå heile verda. Men å lese frå denne i ei gudsteneste blir å ta den såkalla toleransen for langt. Koranen har ingenting i ei gudsteneste å gjer.Men det var godt å sjå at det var nokon som reagerte. Vi har tross alt ein kristen kulturarv i dette landet. Og det hadde vore fint om vi verna litt meir om den.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s