Unge gustne menn ein tidleg morgon

Det er tidleg morgon. Klokka har akkurat passert kvart over åtte, og eg skal innom KIWIen for å handle inn til dagens julebakst. Det er då eg ser det igjen, det eg undrar meg over ganske ofte eiegtleg. Unge menn står i kassakøen. Litt gustne og småtrøtte i trynet.  Det i seg sjølv er ikkje noko å stille spørsmålstegn med ein tidleg morgon. Dette er karar som står tidleg opp. Det eg derimot undrar meg over er handlekorga deira. Ei flaske Cola, peanøttsjokolade og ein samantrykt e-stoff kveitebolle vert lagt på bandet. Kor tid vart dette MAT? Kor har desse gustne karane lært å ete? Kva kan dei om kosthold eiegtleg? Og dette er ikkje 17 åringe hybelbuarar som nettopp har flytta frå mamma, men menn som iallefall har passert 25 og sannsynlegvis har fast jobb. Og det var ikkje berre ein i køen, men tre, dei minutta eg stod der. Om dette hadde vore min frukost hadde eg segna om før lunsj. Så kva er det då med desse gustne unge karane?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s