Galskapen i Guds navn

På verdidebatten har det herja ein debatt om kristen eksorsisme. Anders Torp fortel ei rystande historie som burde skremme vettet av alle og einkvar. Anders Torp, son av den profilerte Jan-Aage Torp, Anders, tidlegare medlem av Seierskirken og Oslokirken. No humanetiker. Anders fekk nok, og måtte «finne seg sjølv». Etter det han har opplevd forstår eg kvifor. Eg har ingen problem med å skjøne hans konklusjon. Ei gal verden er ikkje noko å forbli i. Bare synd at han måtte forlate trua for å ta avstand frå det han har vore i.

Eg har og teke avstand frå mykje. Men ikkje alt. Eg og har hatt behov for å sette strek over ein del av galskapen eg har vore med på. Men UTEN å forlate trua. Eg ser ingen grunn til det. Fordi Jesus ikkje var gal, fordi han brydde seg om folk. Fordi han ikkje gjekk rundt å oppførte seg som ein fyllik og slo ned folk. Eg har ikkje vore vitne til ekstremeksorsisme som Anders beskriv, heldigvis. Dei gongene eg har sett eksosisme har det vore i kontrollerte former, uten vold, og uten spy. Men det er folk som har vore utsett for dette. Så eg undrar, kvifor er det så vanskeleg å ta avstand og beklage dette? Menighetsledarar er forbausande tause om temaet. Men det overraskar ikkje. For kven har mage til å sei: «Beklager. Tilgi oss, vi tok feil!»?

Eg har vore vitne til galskap. Folk som kakler som høner, bjeffer som hundar, folk som er så «fulle» at dei slår ned folk, og eg har sjølv blitt regelrett slått ned under den såkalla salvelsen. Eg gjekk sint og omtåka ut. Dei einaste gangane eg har blitt utsett for vold er på kristne møter. Litt av eit paradoks det. To ganger har det skjedd, ein gang i Norge, og ein gang i Canada. I Canada var fyren som gjorde det rett og slett sprø. Berre synd så mange forklarte det med at han var fylt av Ånden. Heldigvis var det ikkje berre eg som reagerte den gangen. Det var ikkje berre eg som stod sinna på utsida etter seansen.

Eg har overvært ein kollektiv «bryte forbannelsen i 5-6 ætteledd seanse», der folk skulle bekjenne alle sine forfedres mest groteske synder. Den seansen overvar nokre av Norges kristenledarar. Det skremde meg den gangen. Eg reagerte så sterkt at eg grein i eit halvt døgn etterpå, og har aldri sett min fot i ein sådan sammenheng igjen.

Eg er lei av sær innandvendt ekstremkarsimatisk kristendom som mest trigger folks sære følelsesregister. Eg er lei kristne sammenhenger der ein er meir opptekne av forbannelser og forfedrenes synder, enn Jesus. Gje meg heller berre Jesus. Det er nok for meg. Hadde eg ikkje sett kven bibelens Jesus var, hadde eg i dag vore agnostiker eller noko i den duren. For om eg hadde summert ein del av det eg har opplevd i kristen regi er det meir enn nok til å bortforklare kristendom som tull og tøys. Heldigvis er ikkje Jesus synonymt med galskapen. Han viser oss noko heilt anna. Derfor ser eg ingen grunn til å forlate trua.

 

Advertisements

2 Comments

  1. Takk for fint vitnesbyrd om Jesus! Det er i grunn spennende hvordan Jesus og hans utstrakte hånd står igjen og møter folk på tross av mange av hans tilhengeres påfunn, både på Jesu egen tid, opp gjennom kirkehistorien og i dag.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s