«Visjonsspikkeri»

Eg veit ikkje om det er noko som heiter visjonsspikkeri. Men eg trur ein kan bruke den betegnelsen om det ein del menighetar og andre foretak har dreve med dei siste 15 åra. For det er in med visjon. Alle skal ha ein visjon. Iallefall om ein er framtidsretta og trendy. Fine og velformulerte ord, fint innramma på ein vegg. Etter kvart litt småfalma. Og for alt for mange, desverre, berre tome ord.

Og det er fint med målsetningar og visjonar- det skal vi ha! Og ledarar må ha eit mål å jobbe mot. Kva ser vi for oss? Alt dette er vel og bra. Men i kristne sammenhengar har Jesus allerede gitt oss sitt oppdrag; i Matteus 28,

«18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande 20 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Så når pinsebevegelsen slit med å finne dei rette orda i sin nye visjon, fins dei allerede velformulerte her, i Matteus evangeliet. Det er dette Guds menighet er kalt til å gjer: forkynne, gjere disiplar, døype, og lære. Eller er ikkje dette trendy nok?

Guds menighet treng ikkje, slik eg ser det drive med visjonsspikkeri. Vi er så heldige at vi kan finne våre visjonar i Guds ord. Kva taler Gud til oss? Det er jo det viktigaste å vite. Og hans ord har han jo allerede gitt oss. Kvifor vegrer mange menighetar seg då for å bruke Guds skrivne ord i denne samanhengen, men skal finne opp kruttet på nytt, og vri hjernar i visjonsspikkeriets tjeneste? «Back to basics» folkens. Eller som Rema1000 seier: «Det enkle er ofte det beste».

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s