Menneske-mål eller middel?

shutterstock

Eg har opplevd det nokre gonger sjølv, og har sett det i ein del samanhengar. Og det er så fort gjort at det skjer. Mennesker bli middel for at ein ledar, eller et ledarskap skal nå sine mål. Det skjer utan at ein tenker at det skal skje. For vi har visjonane våre. Dei fine orda om det vi drøymer om skal skje. Vi ser ein menighet som er stor, innflytelserik, som har det store musikkarbeidet. Vi ser menighet, men gløymer folka som ER menigheten. Sjur Jansen skriv på sin blogg mykje om dette.

Så kva verdiar bygger vi på? Kva ser vi for oss i menighetsarbeidet? Kva er målet med det vi gjer?Er medarbeidarane mål i seg sjølv, eller er dei berre middel for ein større hensikt? Som Guds folk har vi ein større hensikt, vi skal nå ut med evangeliet, og utføre misjonsbefalinga. Men det utelukker ikkje å ha det enkelte mennesket i fokus også.

Når folk kjenner seg utelukkande som verdifulle berre når dei kan yte, er det fare på ferde. Ein pastor og ledar må verdsette medlemmer like mykje, unasett yteevne. Eg trur vi har dradd verdens tankegang inn i menigheten. Vi tenker effektivitet. Alle må bidra, alle må tjene. Men kva med dei som ikkje greier? Kva med dei som er sjuke, og slitne? Kva med medarbeideren som gav jernet, men som ikkje greidde meir ein periode? Blir han/ho ivaretatt? Alt for ofte blir dei ikkje det. Alt for ofte stilnar telefonen. Du er ikkje interessant så lenge du ikkje kan bidra.

Det skjer nok ikkje så bevisst. Men verdiane ligg bak og styrer. Menneksesynet kjem så brutalt fram.

Ser vi på Jesus, ser vi ein som tenkte annleis. Han såg sine disiplar, både når dei stod med han, og når dei svikta, og ikkje greidde å leve slik dei ville. Jesus bekrefta, hadde omsorg, viste kjærleik, og sanning. Jesus såg ikkje på disiplane berre som middel for å nå eit mål.

Lederskap handler om å få ting gjort gjennom andre, derfor ligg det så farlig nære å gløyme at det er folk ein har med å gjere. Skal ein få ting gjort gjenom andre må ein ha sterke relasjonar, og medarbeidarar må kjenne at ledaren bryr seg om han/ho som menneske. Så om dagen kjem, då ein ikkje orkar, skulle ikkje telefonen bli stille, men nokon skulle bry seg i staden. Menneske må aldri berre bli redusert til å vere eit middel for å nå andres mål!

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s