Om å slutte å klatre

shutterstock

Før klatra eg. Eg ville bli meir åndelig. Prøve å bli slik eg trudde Gud ville ha meg. Få oppleve meir, sjå meir av hans kraft. Mantraet var «meir Gud, MEIR». Ropet vart meir og meir desperat som tida gjekk. Livet vart eit strev etter nye opplevingar, etter nye erfaringar, etter nye erobringar. Kristenlivet var meir ei rundreise i karusellen enn ei livsvandring på jamne stigar som det står om i Bibelen.

Etter mange tivoliturar, og tur på åndelige sirkus skjønte eg ein dag, at mitt liv med Gud bedre kunne forståast som ei vandring, der Gud er Gud, og eg får lov til å vere eit menneske. Lille meg hadde behov for ei stor faderhand å halde i. Eg skulle få lov til å vere det eg var skapt til, eit lite menneske.Lille meg skulle få lov til å falle til ro, som den eg var. Og så kunne Gud forme meg, som leira i pottemakaren si hand. Han skulle få lage meg til eit kar til si ære.

Guds store problem var ikkje min hjerne, som eg hadde trudd i så mange år. Om Gud skulle få problem med den, hadde han ikkje då vore veldig liten? Gud er langt større enn som så. Hans verkelege problem er menneske som prøver å bli som han ved å bygge seg store babelstårn i eiga kraft.

Eg vil ikkje klatre meir. Gud har allerede klatra ned, og gjort jobben ferdig gjennom Jesu verk på Golgata. Eg treng ikkje klatre opp til ein som allereide har stege ned, treng eg? Eg kan berre bli det eg er skapt til å vere. Eit menneske. Om eg prøver å skulle gjere meg meir åndelig, ville eg stå i fare for å bli som byggmennene i Babel. Høgare, høgare- vi vil bli som Gud! Men Gud er større, og tillater ikkje høgreiste byggverk, bygd av menneske som trur dei er som han.

Eg vil slutte å klatre, heller berre falle til ro. Eg er den eg er, og den største gudstenesta eg kan gjere er å vere Gudsbarnet, og utstråle det der eg går i min kvardag. Enkelt, likefullt litt småvrient for mange av oss. Vi vil aller helst streve, det ligg liksom i oss. Noko i oss vil bygge høgare, vil erobre toppane. Men det er kanskje bedre å la Gud få vere reiseledar, og byggeledar? Så får vi vere det vi skal, medarbeidarar og vandrarar på jamne vegar. Det er nemleg bedre å gå der han har gått foran, og det er best å gå når ein har ei god stor hand å holde i.

Les og om Jan Helge som var pastor og er søppelplukker.

Advertisements

5 Comments

  1. Flott Solveig. Det største i livet er å få falle trygt ned i Jesu armer. Han vil føre oss videre på sin måte og han vil alltid «titte ut gjennom » øynene våre for han bor i oss.

    Lik

  2. Flott Solveig. Det største i livet er å få falle trygt ned i Jesu armer. Han vil føre oss videre på sin måte og han vil alltid “titte ut gjennom ” øynene våre for han bor i oss.

    Lik

  3. Hei!
    Jeg datt også tilfeldigvis innom bloggen din, og må si takk for påminnelsen. Det viktigste for meg i kristenlivet, er å ha Gud ved siden av meg. Jeg tror ikke på et liv uten prøvelser, men jeg tror på et liv der Gud er med i prøvelsene.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s