Silje holdt på å ta livet sitt

Silje (23) holdt på å dø fordi ho ikkje fekk den hjelpa ho trong. Ho var i eit kristent miljø som utelukkande løyste tinga med å legge hendene på hovudet hennar og be og Guds inngripen. Men Gud greip ikkje inn slik dei bad om. Den sterke historia står på trykk i dagens Dagbladet på side 8-9 i papirutgåva.

Eg kjenner godt til Silje si historie frå før. Og den burde vekke oss. Silje leid av alvorlege depresjonar. Fordi ho var i eit miljø som hadde åndelege forklaringar på lidinga hennar, at ho ikkje hadde det greit med Gud, at ho skulle tru meir, at Gud ville gje ho alt ho trong, fekk ho heller ikkje den hjelpa ho verkeleg trong. I djup fortviling, etter ein kristen konferanse knakk ho saman og fann fram tablettane. Ho ville gjere slutt på alt. Heldigvis lever Silje i dag, og ho kan fortelle si historie. Den bør vekke oss, til å oppfordre folk til å søke hjelp når ein er ramma av psykiske lidingar. Kven hadde nøyd seg med ei bøn om ein hadde kome over ein med brukken fot? Sporenstraks ville ein køyrt vedkomande til legevakta!

«Vil ikkje Gud hjelpe oss og helbrede oss da?» tenker du kanskje. Jo eg trur han kan gripe inn mirakuløst. Men gang på gang ser eg at han likefullt kan bruke legar til si gjerning. Ofte er helbredelsen ein prosess ein treng hjelp til å kome gjennom. Dette har eg erfart sjølv, og sett andre oppleve. Det er ikkje så ofte helbredelsen skjer i løpet av ein augneblink. Og undervegs må folk få hjelp der hjelpa finst.Desverre manglar mange menigheter kompetanse slik at ein kan hjelpe folk i ein slik situasjon. Dette må dei vere ærlige på, og hjelpe folk vidare i hjelpeapparatet.

Det er desverre ein innebygd skepsis i ein del kristne miljø til psykiatrien. Ein del får desverre ikkje den hjelpa dei treng. Men så er det dei som igjen får det. Silje har fått god hjelp av ein psykiater. Eg kjenner fleire som har kome seg på beina etter å ha gått i terapi ei stund.

Eg håper mange kristenledarar les Dagbladet i dag, og tek lærdom av det. Eg er redd det er mange som Silje rundt om i karismatiske menighetar. Med dagens artikkel håper eg iallefall temaet kan bli sett på dagsorden i dei samanhengane dette gjeld.

Advertisements

One Comment

  1. Det er helt sant det du skriver, men av og til skulle jeg ønske at noen kunne trodd litt mer på helbredelse, bare sånn i tilfelle det skulle skje meg om noen trodde litt mer.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s