Ein ny vår

fotograf: Solveig Grønstøl

Det er vår, og det spirer i hagen. Graset gror og påske- og pinseliljer av alle slag pryder den gamle hagen vår. Det var ikkje slik i vinter. For i fjor nærast raserte vi den gamle tidlegare så ærverdige, men no viltvoksande hagen vår.

Vekster og ugras hadde i alt for lang tid fått vekse fritt. Det var lite att av hagens fordumsprakt frå 60 og 70-talet. Då såg hagen vår ut som reinaste parken. Gamle tante Rakel stelte så fint med hagen. Men tante Rakel døydde. Og etter år med lite stell hadde det grodd heilt over i den før så vakre hagen. Klunger og hassel, løvetann og mose. Ugras i mengder. Og viltvoksande prydbusker i fleng. Så vi gjekk hardt til verks, mannen min og eg. Den gamle rododendroen vart sagd ned, hasseltre vart sagd ned, og det gamle kristorntreet vart ofra. Og nederst i hagen, stod ein stort viltvoksande jasminbusk. Nydeleg når det blomstra med dei kvite blomane, men totalt ute av kontroll. Og så alt for stort. Noko motvillig vart det og sagd ned. For skulle det verkeleg bli fint, måtte det vokse opp på nytt, og bli stelt med.

Og i vinter gjekk eg og såg på dei tørre stubbane som stod der. Ikkje akkurat vakre var dei. Eg undra om det i det heile teke ville kome nye skudd. Det såg så dødt ut.Og eg hadde ikkje trua på det. Kanskje vi hadde teke for hardt i? Kanskje skulle vi berre latt det vokse vilt? Det var nok over og ut for jasminen.

Men så kom sola og vårvarmen smygande. Graset byrja å gro, og påskeliljene blomstra igjen etter ein lang vinter. Og ein vakker soldag i april, i løpet av påska, såg eg dei første spirene. Ut av dei tørre stubbane kom nye friske og grøne skudd.

Vi overvintrar til tider som tørre stubbar. Livet raserer, og vi kan stå både naken og bar attende. Ting vart ikkje som vi trudde. Ting som var verdifullt i livet vert teken ifrå oss.

Eg trur at Gud tillet at vi går gjennom vonde ting. Og til tider kan det tilsynelatande sjå ut som om vi misser alt. Så står vi der som tørre stubbar. Men når sola får sleppe til, og våren varmar, kjem nye friske skudd, og vi får vekse på ny. Slik som skaparen hadde tenkt det.

Inga plante i hagen vert fin om ho får vekse fritt, utan at nokon steller med den. I Johannes 15 står det:

“Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden.  Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt.”

Det står ikkje at dei som ber frukt berre skal vekse vidare fritt og vilt. Det står at vi skal bli reinsa for å bere meir frukt. Reinsing gjer somme tider vondt. Å overvintre kan kreve sin mann og si kvinne.

Har vi då tenkt å vokse som menneske, må vi og tole å bli både beskjært og reinsa. Då kan vi skyte nye skudd når våren kjem, og på nytt få vokse som han hadde tenkt.

Det er vår no. Berre hugs å la sola skinne på deg.

Advertisements

2 Comments

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s