30-årskrisa

Det skjedde noko då eg passerte 30. Ikkje synleg sjølvsagt, men djupt inni meg ein stad trur eg det var. Det første som kom snikande var at eg ikkje lengre tolte å rangle om nettene. Slutt vart det brått på seine nattetimar med film og peiskos. Slutt vart det på festlege nattarrangement og fornuftige bønnenetter. No måtte gamla heim i snusfornuftig tid. Når klokka passerer midnatt begynner søvnen å formeleg svi i dei slitne augo mine. Då er det berre å kaste inn handkledet, og stupe i seng.

Det neste merkverdige med å passere 30 er det stadig aukande antalet grå hår hos ektemaken. Eg har til no sola meg i glansen av at mi mamma ikkje fekk grå hår så tidleg, så eg lever enda i trua på at det nok er lenge til eg får grå hår. Fryktelig lenge, trur eg.

Og her ein dag oppdaga eg det eg før berre smilte av at noke av mine venninner har fått. To små furer i panna, tydeleg, i mi panne. Eg trudde eg skulle dåne, og måtte grine eit par krokodilletårer om kvelden over det. (Ja så overfladisk kan eg bli) Sant skal seiast, det var meir eg måtte grine litt for den kvelden. Men så kom det, bakom all frustrasjon. «Kjære, og så har eg fått rynker!». Han lo berre. «Var det ikkje du som synes rynker er vakkert da?» «Joda på gamle folk så…Ikkje på MEG! Eg er jo bare trettito. TRETTITO! Bare det.» Kanskje eg endelig har blitt vaksen? Det var i så fall på tide. Eg som snart om akkurat 1/2 år er tenåringsmamma.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s