Ingen av oss er udødelige!

http://sticksandstonesmankato.blogspot.com

Vi er alle i samme båt, sjølv om eg synes nokon må vere laga av noko spesielt. Eg kjenner nokre damer som ser ut til å greie alt. Og eg sammenlignar meg med dei, og tenker; berre eg var slik som ho. Tenk om eg hadde hatt det overskuddet! Tenk alt eg skulle gjort!

Vi er så ubarmhjerige vi damer, for vi sammenlignar det verste hos oss sjølv, med det beste hos andre. For vi veit ikkje korleis desse overskuddsdamene ser ut UTEN sminke og bakom fasaden. Ei eg kjenner som slit med mykje smerter og sjukdom sa: «Solveig eg går aldri ut eg når eg er dårlig.»

Slik er det kanskje med mange av oss. Vi går kanskje ut, men skjuler oss bak sminke, og fasade, for at ingen skal sjå våre sanne ansikt. For uten fasaden ser eg kanskje ut som eit takras. Og det må ingen sjå.

Skulle vi ikkje vere ærlige med kvarandre ved å invitere kvarandre inn i kaoset og bakom fasaden? Når kjøkkenbodet flyter over av smular, nugatti som vi ikkje burde gitt ungane, og jordbærsyltetøy frå i går. Når klesdongen veks mot nye verdsrekordar? Når livet rett og slett er litt tøft? Tenk om vi hadde turd å invitere kvarandre inn dit?

Vi er ganske like egentlig vi menneske. Men det er lettare å vere menneske når ein er ærlig og sann. Og det er lettare å vere sammen når maskene får fare.

Det er faktisk greitt med tunge dagar. I forholdet til Gud og. Han treng ikkje vår perfekthet eller maskene våre. Eller dei fine bønnene. Han blir ikkje særlig imponert over det. Han kjenner jo oss bedre enn vi kjenner oss sjølve! Han liker oss best som den han skapte oss til å vere!

frå foredraget: «Pusterom i kvardagen»

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s