Plastikktreet

fotograf: Solveig Grønstøl

For nokre år sidan høyrde eg eit profetisk budskap som eg aldri har gløymd.

«Eingong eg var ute å gjekk såg eg eit nydeleg tre. Eg hadde aldri sett noko flottare. Det stod der i all si prakt, med grøne, stolte blad. Synet blenda meg, det var så uruleg vakkert. Eg gjekk nærmare, for å sjå litt meir på denne herlegdomen. Skjønnheten tiltrakk meg. Eg måtte sjå treet på nært hald. Eg strekte meg, så lang eg var for å nappe til meg eit av dei flotte blada. Greina glei ut av handa mi. Det var då eg såg det. Treet var ikkje levande. Det var eit plastikktre.»

Kor mange plastikktre fins der ute? Menighetar med kule lovsangsband, med strømlinjeforma preikener, men det perfekte utrykket? Folk som ikkje toler utilstrekkelighet og tilkortkommenhet. Plastikk. Det ser fint ut på avstand. Men det er hverken duft eller atmosfære med det. Bare dødt.

Eg vil heller ha et tre som skiftar med årstidene. Eg vil heller ha et tre som ikkje alltid er så vakkert og perfekt, men som igjen når våren kjem skyt friske skudd. Eg vil heller ha eit tre som skiftar fargar gjennom året. Det er liv. Og det er bedre enn plastikk.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s