Alkoholfri sone JA TAKK!

Alkohol blir ein stadig større del av kvardagen til kristne folk. Tradisjonelt avholdsbevegelsen og kristen-Norge stått hand i hand. Men ikkje no lenger i følge vekeavisa www.k-s.no. Ikkje berre har det blitt vanlegare at kristne drikk, men og at dei gjer det når menigheten møtes. Eg har før kalla meg prinsippiell måteholds, men i praksis totalavholds. Dette fordi eg ikkje finn bibelsk belegg for eit totalavholdsstanpunkt. Ikkje vil eg sette meg til doms over kristne som tek seg eit glas i ny og ne heller. Eg har mange kristne venner som drikk av og til. Men det går ei grense ein plass.

Mange anbefaler alkoholfrie soner, td rundt barn. Og burde ikkje menigheten vere ei slik alkoholfri sone? Når cellegruppa samlast bør det ikkje vere naturlig å ta seg ein øl. Kvifor? Det er enkelt. I følge evangeliesenteret er det vanskelig å drive ettervern av rusmisbrukarar i norske menighetar pga alkoholbruken. Så med å gjer menigheten til alkoholfrisone gjer vi det litt enklare for folk som har vore på kjøret, og som har slitt med alkoholmisbruk.

Er det så vanskelig å vise litt solidaritet, og ofre vinglasset, eller ølboksen? Det fins da så mykje anna godt ein kan drikke. Alkoholdfri sone JA TAKK! Både når det er barn til stede, og i menigheten!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s