Ein kristens kall

Kva er vi egentlig kalla til, vi kristne? Eg lærte på søndagsskulen at Gud ville eg skulle vere eit lys i mørkret, og vere bærarar av himmelen, sagt på ain anna måte. Og det ber eg om at eg får vere. Derfor forundras eg over kristne som tydelgvis meiner vi kristne skal vere dommarar, og kaste eder og galle over både den eine og den andre.

I kjølvatnet av tragedien på Utøya og i regjeringskvartalet har det kome ein del grums til overflata. Kristne som meiner dette er eit resultat av Guds dom over Norge. Det blir både respektlaust å sei dette no, medan så mange sørger, og det blir teologisk problematisk å hevde det ut frå eit kristologisk perspektiv. Jesus kom jo for å ta forbannelsen som vi skulle tatt.

Er det vonde som skjer oss eit resultat av Guds dom får vi eit problem med å svare for kvifor så mange kristne må både leve med sjukdom, og oppleve ulykke og død, som alle andre.

Det er menneskelig å ville forklare lidelse og død. Men vi gjer vel med å la vere. Det finst inga meining i at ein ung mann massakrerer ungdom. Det er berre tragisk.

Ein kristens kall er å spre liv, og kjærlighet, og himmelflikar. Det kan vi best gjer i desse dagar med å la evageliet få utløp i hender og føter. Ved å bry oss, forkynner vi Kristus. Han kom for å lette byrdene våre. Slik kan vi vere tilstades for å lette byrda til ein annan. Det er eit stort kall.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s