Med nye auger

Visst har eg lese bibelen sidan eg var ungjente. Ikkje fullt så ivrig dei seinare åra, men likefult: bibelen er og blir den viktigaste boka i livet mitt. Og den skjer til tider at teksten liksom kjem ut, og lever litt ekstra rundt og i meg. For bibeltekstane er slett ikkje daude bokstavar, men levande.

Så i går kveld då eg låg og uroa meg over ei viss ganske heftig sak i livet vårt for tida, poppa det ut eit bibelvers som eg kunne utenat. Men det kom med eit heilt nytt tyngdepunkt. Eg har lese det mange gongar, men måtte likevel slå det opp i dag for å skjekke at det stemte, mi nye lille oppdaging.

Frå Matteus 11, vers 28: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Det stod det eg trudde: Jesus snakkar om å ta på seg hans åk, for han vil gje oss kvile. Men kva er hans åk eigentleg? Han seier det i vers 29: «Ta mitt åk på dykk, og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet.» Der var det. Kunne eg lære noko av Jesu hjartelag? Kan ting bli lettare å takle i livet då? Utvilsomt! Om vi møter vanskane med eit mjukt og mildt hjarte, istadenfor å bli grepen av sinne og bitterhet vert børa vel lettare å bære?

Å ha Jesu sinnelag har eg lært om før. Men eg har aldri tenkt på det i denne samanhengen. Å finne kvile for sjela, rett og slett ved å velge å lære av Jesus, og måten han takla livet på. Det vart ei aldri så lita oppdaging for meg i nattemørkret, og gjorde at søvnen kom lettare dansande akkurat den kvelden. Eg kan sove godt og fredfullt når eg får legge børa på han, og lære av han. Så kan eg be om at han skal verke i meg slik at eg kan vere mild og mjuk i hjartet. Det får vere mi bøn i tida som kjem: «Kjære Jesus, lær meg å bli meir som deg, inni meg. Slik kan eg sleppe dei tunge byrdene, og få kvile for sjela mi.»

 

Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s