Helsenorge for dei rikaste

Tidligere sjef ved Radiumhospitalet, Jan Vincents Johannessen fryktar eit helsevesen der rike kan kjøpe seg friske. Dette kan ein lese om i dagens Vårt Land. Dei med dårligast råd må pent vente i køen ved offentlege sjukehus. For min del hadde eg kanskje vore ufør i dag om eg hadde venta i den offentlige helsekøen. Eg valgte å kjøpe meg ut av køen, istedet for å vente i eit år på ein viktig skulderoperasjon. Då eg opererte meg hadde eg allereie gått sjuk alt for lenge, blitt feildiagnostisert og feilbehandla i det offentlege. Ein telefon og time hos ein privat ortoped som vurderte gamle MR-bilder var alt som skulle til for å få vite at her var det kun operasjon som ville funke. Det gjorde det og. 1 1/2 år etter var eg tilbake i jobb, og kunne fungere normalt. Eg kan framleis ikkje spele volleyball, vise elevane mine korleis dei skal ta armhevingar, eller skrive for hand på ein 6-timars eksamen. Men eg kan gjer det meste anna. Hadde eg venta et å til i kø, hadde eg ikkje blitt frisk i følge både legar og fysioterapeutar. Kva hadde det kosta samfunnet? Ung kvinne med øydelagt skulder og store smerter som forplanta seg i nakke og rygg, det hadde vore dyrt det. Mine erfaringar seier at det jammen ikkje er rart at folk blir uføre her til lands. Det er ei skam i rike Norge at vi har råd til å la folk bli øydelagte mens dei ventar.

 

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s