Bursdagskarusellen

«Barnebursdager som overgår hverandre har blitt et fenomen. Foreldre kaster seg rundt for å skape tidenes feiring, hvert år. Og bransjen roper hurra!»

Dette er innleiinga på ein artikkel om bursdagskarusellen på mamma.no. Og dette er gjenkjennelig. For mi erfaring er at det enkelte plassar faktisk er meir vanleg å feire bursdagen til poden ute, enn heime i stova, slik alle gjorde før. Og det er trist. For når foreldre skal kjenne seg pressa til å overgå kvarandre i overdådige feiringar, i leigde lokaliteter, alt for å gjere poden eller prinsessa lykkelege, seier det noko ganske trist om samfunnet vårt. Blir barna våre lykkelegare av dette? Er ikkje dette ein falitterklæring i eit samfunn der barn mister meir og meir voksenkontakt?

Eg ser bursdagane som ein fin mulighet for oss foreldre til å bli kjent med barnas venner og klassekameratar, og for dei å bli kjent med oss. Eg synes det er trist når vi ikkje lenger vil ha barna inn i stovene våre. Er det eit utrykk for den avstanden vi har fått til kvarandre? Og kvifor er det ikkje godt nok med gammaldags bursdag lenger? Kvifor må ein leige lokaler, bruke 1000vis av kroner på kinobillettar, eller betale andre for å underholde våre kjære små, når dei fleste barn i dag allerede er overunderholdt?

 

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s