Om å bli som barn igjen

Jesus snakkar om at vi skal bli som barn for å kome inn i Guds rike. Han tok barna på fanget og velsigna dei, og sa til disiplane at dei måtte bli som barn igjen.

Barnetrua er noko forunderleg, tillitsfull og enkel i sin natur. Hengiven og enkel. Likevel vert det ofte sagt at vi må få ei meir moden tru, vaksen tru, vi må vokse oss vidare frå barnetrua. Ho er liksom ikkje god nok denne barnslege tilliten. Men var det ikkje dette Jesus snudde på hovudet? Sa han at vi måtte bli vaksne i trua? Joda, det står i bibelen om å vekse til manns modenhet. Men når det gjeld trua skal ho vere enkel og hengiven, som det lille barnet si tru. Små barn stiller ikkje spørsmål ved om Gud finst. Sjølvsagt er han der! Sjølvsagt finst han! Tenk om eg kunne hatt denne enkel barnetrua litt oftare.

I staden tvilar eg, stiller spørsmålsteikn der eg burde hatt tillit, og eg greier ikkje alltid å kvile hengivent som barnet. Mi bøn i dag er å bli meir som barnet, Gud la meg kome meir attende til barnetrua igjen! La meg bli som det lille barnet som hengivent vender meg til han som er livsens kjelde, utan mistillit og tvil.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s