I gode og vonde dagar

Då vi gifta oss for akkurat 15 år sidan lova vi kvarandre evig truskap i gode, så vel som i vonde dagar. Vi var så lykkelege der vi stod framfor alteret, unge og forelska. Å sei ja var verdens lettaste avgjerd der og då. Det var jo mannen i mitt liv eg stod framfor, han eg elska over alt på jord.

Så kom kvardagane med rot, kranglar, klevask og havregrauten då stipendet var brukt opp. Og då ungane våre entra verda kom sjukdom og netter uten søvn. Men med kvardagane kom og kjærleiken som holdt, som vi kjempa for, med kvardagen kom og dei stundene saman ved middagsbordet, alle turane i skogen, kvardagslykke med tente telys om kvelden, lykka av å ha nokon å vakne saman med, og sovne på armen til. Lykka av å ha nokon å krype tett inntil når hauststormane ulte.
Gode og vonde dagar. Ingen lova oss noko anna, sjølv om vi ikkje kjende til det då vi gjekk ned kyrkjegolvet med brusande orgelmusikk i årene. Men dei vonde dagane kom dei, då vi måtte velge å kjempe for det som betydde mest.
Ekteskapet er vakkert, men er eit handtverk som må lærast, så vel som ei reise. Vi visste lite om kor vegen gjekk den gongen, og korleis livet skulle bli. Men likevel;  kvart eit steg, kvar ein liten avkrok vi har vore, kvart ein stormkast vi har stått gjennom og kvart eit øyeblikk saman; det gjer livet verd å leve.
Viljen til å elske er noko anna enn brusane kjensler. For medan kjenslene skiftar med ver og vind, er det å elske noko ein vel. Å velge kan vere det lettaste i verden, men og det vanskelegaste ein gjer. 15 år kjennest som eit heilt liv, likevel har vi framleis langt å gå saman, for vi skal gå saman heilt til døden. Eg gler meg. For det blir berre betre og betre.

 

Advertisements

3 Comments

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s