Ingenting- eller uendelig verdifull?

«Eg er ingenting uten Jesus». Hjartesukket kjem djupt og inderleg. Men er det slik at mennesket verkeleg er ingenting uten Jesus? Eg får det ikkje til å gå opp. For viss kvart eit menneske var så uendelig verdifullt at Gud sendte det kjæraste han hadde i døden for oss mens vi enda var syndarar, då kan vel ikkje eit menneske vere ingenting, sjølv utan Jesus? For viss eg er ingenting utan Jesus, kva då med naboen eller kollegaen som lever utan Jesus. Og viss naboen er ateist eller muslim, er han da verkeleg ingenting?

Bibelen fortel om mennesket i Salme 8; skapt lite ringare enn Gud, krona med ærlegdom og ære. Kvart eit menneske, uavhengig av tru, er skapt i Guds bilde, verdifullt. Og om det døyr utan Gud, så er det framleis like verdifullt, kun fordi det er eit gudeskapt menneske.

Å sei at mennesket er ingenting, røpar eit  destruktivt grunnsyn på mennesket. Om vi er skapt i Guds bilete, og har evigheten nedfelt i oss, er vi slett ikkje ingen kven som helst. For uansett religiøs ståstad: er alle menneske alt anna enn ingenting.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s