Gjørmebad?

Kva enkelt dag er ei gåve. Og kvar dag kan kvar av oss velge i ganske stor grad korleis dagen blir. Eg seier ikkje at vi styrer alt. Ofte skjer uforutsette ting. Men likevel er det opp til kvar og ein av oss å velge korleis vi møter det.

Eg har alltid vore flink til å snakke; både om det som er bra, og det som ikkje er det. Faren med å vere såpass talefør er den langtekkelege pratinga og gnaginga om alt det som kan vere vanskeleg i livet. For det handler ikkje om korleis ein har det, men korleis ein tar det. Det handlar om innstilling.

Kva gjer vi når vi gjennomgår tøffe tider? Gjer du som eg gjorde, å kjenne denne ustoppelige trangen til å belyse problema fra alle verdens vinklar? Mange av oss damer er gode på det. Alt skal belysast, og alle evnetualitetar skal gjennomsnakkast. Eg var god på gjørmebad. Heilt til ein dag vi tok eit valg heime hos oss. Vi gjekk gjennom ein vanskeleg sak, som vi ikkje kunne styre. Då tok vi valget, for å greie å halde hovudet over gjørma; å snakke minst mogleg, både i vår eigen heim, og involvere færrast mogleg. Resultatet var påfallande. Jo, saken gjekk sin gang den. Men det er langt bedre å vasse i gjørme, enn å miste fatninga og bade i ho, og kanskje dukke under og.

Det handlar om innstilling og fokus. Det ein gir fokus, får makt. Det ein snakkar om, får makt. Det valget er vårt- å vasse eller bade. Eg velger det første, om det er slik at eg må gjennom gjørma.

Advertisements

One Comment

  1. Et nyttig valg dere tok! Jeg har ofte tenkt at gjørmebadet er noe man synker automatisk ned i når man opplever motgang (man snakker og dveler med det negative helt automatisk fordi det opptar hode og sinn), og vi har vel alle vært der. Så må man faktisk på et tidspunkt erkjenne at dette har skjedd før man kan ta en bestemmelse slik dere gjorde.

    Takk for et godt eksempel til etterfølgelse!

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s