Ord

Dette året har eg skrive meir enn eg nokon gong har skrive før. 15 oppgåver og 4 eksamenar har det blitt. Derfor har bloggen min lidd. Eg har mest ikkje orka å vri eit einaste ord til ut av det slitne hovudet mitt. Men no har eg studiepause, enn så lenge, i alle fall fram til august.

Dei siste vekene har eg lengta atter å skrible ned nokre meiningar. Men enda har eg ikkje funne orda. Det er akkurat som ein fødsel som har stansa opp. Og akkurat det veit eg litt om. Orda har fått ein trong fødsel. Dei vil ikkje ut.

Så enn så lenge les eg ord. Etter eit studieår med mengder av pensumlitteratur alt frå Den Yngre Edda til Dag Solstad og Jon Fosse, og i tillegg heile den norske litteraturhistoria og dertil mengder av sekundærlitteratur og analyser av diverse litterære vekt, pluss nokre tusen sider med ledelselitteratur, gler eg meg over å lese det eg vil. Det første eg gjorde etter å ha levert ein hyllemeter bøker var å låne meg  «Min kamp 3» av Karl Ove Knausgård. Nydeleg bok om ein barndom. Gjenkjennelig på fleire områder, sjølv om eg ikkje har hatt ein slik barndom som det Knausgård skildrar. Innimellom var det så sårt at det gjorde vondt. Og innimellom måtte eg smile, berre fordi eg og hadde opplevd det slik eg og.

Lite slår gode bøker. Då eg var lita var lykka å låne ein pose bøker på biblioteket. Så kom ungdomstid med konservativ pietistisk kristendom og heller lite god litteratur. Dei lovlege bøkene fantes kun i kristlig bokhandel, utgitt på logos eller Hermon, eller i verste fall Luther forlag. Titlane var «Rock- djevelens larm eller Guds musikk», eller sukkersøte amerikanske kristen- moralistiske- dårlig- oversatte romanar. Bøker spekka med dårleg språk og overdrivne moralske poeng gjorde at eg slutta å lese. Eg orka ikkje det dårlege språket. Heldigvis fann bøkene meg igjen. Fuglen slapp fri. No er lykka atter ein pose bøker på biblioteket. Det er ikkje det at det ikkje finst god kristen litteratur. Det finst nokre gode: Thomas Sjødin og Magnus Malm er to av dei.

Ord skal vere levande, og ei god bok skal få meg til å grine og le, engasjere og fasinere. Orda er viktige.Eg finn meg sjølv i dei. Eg lærer om meg, utviklar nye tankar, lærer om andre og om livet. Utvidar perspektiv.

Fattige er dei som ikkje les.

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s