Dei små tinga

Bilde

I går var eg lykkeleg i eit par-tre timar. Det er ikkje det at eg ikkje er lykkeleg til vanleg. Men den siste tida har vore stri. Så dei to-tre timane i går var kjærkomne friaugneblink frå ei ellers tøff tid. Lykka kosta meg ingenting, ho var ikkje vanskeleg å finne heller. Ikkje måtte eg reise halve jordkloda for å leite ho opp. Ikkje var det noko spesielt bra heller som skjedde. Men eg tok eit valg. EIt enkelt, veldig ordinært valg. Eg pakka sekken, med drikke og gårdsdagens pizza, samt ein pakke rosiner, tok med meg dei to yngste og for på sykkeltur. Deilig varm vind blåste frustrasjonar og oppgitthet vekk for eit par timar, og borte vekk var bekymringar og leihet.

Seinare på dagen var eg og lykkeleg, på sida av ein nytjæra båt. Lukt av barndom og sommar gjorde godt for ei trøtt sjel. Berre små glimt. Ikkje noko stor sak. Men likevel. Det gjorde så godt.

Dei små kvardagsagneblikka avgjer lykka vår, om vi grip dei eller ikkje. EIn kan synke ned, velge å ikkje gripe dei, og forbli i oppgittheten og tristheten, eller ein kan rekke handa ut til dei små glimta av lykke, dei som gjer livet litt lettare å leve.

Eit augneblink ved eit vakkert vatn, ein kvilepause på ein sykkeltur. Eller tett ved lukta av nytjæra båt. Små små ting, likevel så avgjerande. Så kunne eg legge meg og sei: jo, dagen vart god, trass alt det leie. Det var godt det.

Advertisements

One Comment

  1. Godt skrevet, Solveig! Det er så viktig å se disse små øyeblikkene. Og om man i tillegg klarer å gripe dem, ja da kan de skape lys i en ellers mørk og tung dag. Man kan ha det så tungt at det blir bortimot/helt umulig å i det hele tatt se disse øyeblikkene. Men jeg er glad på dine vegne at du fikk disse lyspunktene (og klarte å gripe dem)! De gir en litt ekstra påfyll til veien videre.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s