Hanvolds politiske tvangstrøye

Jan Hanvold, den eigenerklærte apostelen og Visjon Norge-leiaren, kristennorges mest omstridte og best betalte mann driv fortida ein propagandaaksjon utan sidestykke på eigne facebooksider. Han skyt mot alt og alle som er ueinig med eigne standpunkt, kallar folk for hekser og skuldar den raudgrøne regjeringa for diktatur og samanliknar dei med Stalins regime. Samansausinga er utan sidestykke, og vitnar om fryktelig lavt kunnskapsnivå. På sidelinja står tilhengarane hans og applauderer, mellom anna «De kristne»- politikarar. Det er skremmande kva ein kan få seg til å seie med den bedre intensjonen: å ville kristne Norge på nytt. Å ville gjenkristne Norge er ein edel ting. Men men på kva vis og med kva verkemiddel? Og kva vil Hanvold og hans meiningsfellar attende til? Til Moster og kristenretten, slik dei som ofte viser til? Ta imot Kvitekrist, eller dø? Eller vil dei attende til pietismens inntog, og obligatorisk kyrkjegang og konfirmasjon? Skal vi attende til kriminalisering av homofili?

Sanninga er at Hanvold og hans tilhengarar hadde vorte dømd for kjetteri i det såkalla «kristne» Norge vi eingong hadde. Takka vere opplysningstid og sekularisering, og dermed trusfridom og tankefridom kan desse uttale seg som dei gjer. I det «kristne» Norge hadde dei vore innhanka for lengst for galskap, farlege tankar og samfunnsfientleg verksemd.

Ordet sekularisering kjem frå den tida då paven og kyrkja overførte eigedomar til staten i 1600-talets Frankrike. Takka vere kyrkja si minkande makt, kan folk i stor grad i dag i den vestlege verda tenke og tru som dei vil. Heldigvis!

Slik Hanvold no framstår blir han desverre berre ein klovn, og til spott og spe for alle som har lest litt historie. Han burde blitt ved sin lest. Dei politiske argumenta hans tar seg desverre meget dårlig ut. Agumentasjonen blir berre ei lang rekke usammenhengande merkverdigheter.

Om gjenkristninga skulle skje gjennom eit kristent mikroparti som «De kristne» ville det blitt ei ny tvangstrøye for det norske folk. Gjenkristning skjer ikkje gjennom politiske vedtak eller lovverk, men gjennom forvandla hjerter. Historia viser alt for mange skrekkdøme på samanblanding av politikk og religion. Det fungerer dårleg. Kristendomen blir berre ei tvangstrøye. Jesus kunne lett bli ein politisk leiar, men han avstod. Det same med Paulus og dei andre første kristne. På same vis meiner eg kristenleiarar må vere svært forsikige med å blande religion og politikk. Samfunnet vi bygger skal vere godt å leve i for alle, uavhengig av religion, rase eller legning. Å tre kristendommen ned over hovudet på folk og tvinge dei å leve etter bibelens bod og reglar verkar berre mot sin hensikt.

Advertisements

2 Comments

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s