Kva for ein spegel speglar du deg i?

BildeEg er inga sylfide. Det har eg nemleg aldri vore, bortsett frå eit år i ungdomstida mi då eg var alvorleg sjuk og ikkje rørte matbiten på eit år. Men eg brukar norske kvinners gjennomsnittstørrelse i kle, og har heller ingen store probem med å finne det eg treng i dei vanlege klebutikkane heller. Så eg skal ikkje klage, sjølv om eg godt sikkert kunne vore nokre kilo lettare eg og. Men her ein dag då eg rota meg inn i ein ungdomsbutikk og fann ei fin blå skjorte holdt eg å å få slag i prøverommet. «Er eg verkeleg såååå gigantisk?» Eg trudde ikkje mine eigne auge der eg var omkransa av speil på alle tenkelege og utenkelege sider. Dattera mi var med meg og påstod at eg såg bra ut. Men då eg kikka attende i speila kunne eg ikkje forstå kva ho meinte. Eg såg heilt fryktelig ut, og følte meg som størrelse elefant. Det var då ho gjorde meg oppmerksom på speglen på utsida av prøverommet. Eg gjekk ut, og såg til mi store overrasking at eg i det såg heilt ok ut. Skjorta var kledeleg, og eg såg ut som eg pleidde.

Kvifor i all verden nokre klebutikkar lagar prøveroma slik at vi kvinner med størrelse gjennomsnittleg føler oss som elefantar er meg uforståeleg. Bilete vi ser vert ikkje eit sant bilete av slik vi ser ut  i det heile tatt.

Kva perspektiv ser du deg sjølv i, eller kva spegel speglar du deg i?

Å sjå seg sjølv i rett spegel er viktig for eins eigen del, men og for dei rundt oss. Om eg er full av sjølvforakt, vil det påverke mine relasjonar til folk rundt meg. Alle er tent med at vi set ein høg verdi på oss sjølv: uendelig verdifull og vakker! Berre fordi eg er eit menneske, meg, heilt unik. Ikkje alle speil fortel sanninga. Så speil deg i eit som fortel deg kor flott du er!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s