Den som er utan synd kan kaste den første steinen

Det skal ikkje vere lett. Debatten kring kor tid menneskelivet startar, og etiske spørsmål rundt legars reservasjonsrett har gått heitt i media. Kven skal ein ta omsyn til, kvinnene som har teke eit tungt val, eller legar som må handle mot samvitet, eller kanskje er det ein tredjepart her: fosteret? Det skal ikkje verer lett. Og det er lett å bli hard i språkbruken når ein snakkar om temaet. Fosterdrap, drap, nedslakting, er ord som blir brukt av abortmotstandarar. Ord som er harde og som slår hardt mot ei sårbar gruppe. For kven desse kvinnene er, veit vi ikkje. Få snakkar ope om at dei har teke abort. Men vi veit dei er heilt vanlege kvinner som har vore i ein vanskeleg situasjon. For å ta abort, det kan jammen meg ikkje vere enkelt. Derfor bør vi vege orda våre.

Ein skal dømme synda, men ikkje syndaren, vert det sagt. Men då må vi hugse på kva meisteren lærte oss. Jesus dømte nemleg aldri synda utan å gå nær til syndaren. Han snakka aldri hardt utan å først ha ein relasjon til mennesket. Det er her vi kristne feiler så totalt. Derfor føler folk seg så fordømt og, trur eg. Vi begynner i feil ende.

Jesus møtte kvinna som dei skriftlærde ville steine på grunn av ekteskapsbrot med nåde. Han bad den som var utan synd å kaste den første steinen. Dei skriftlærde gjekk slukøra vekk. Steinane fall til bakken istaden.

Kunne vi og berre ha sluppe ned steinane våre. For det er så himla lett å fordømme når vi ikkje har kjent det på kroppen sjølv. Den som er utan synd kan kaste den første steinen, sa Jesus. Då må iallefall eg sleppe ned steinane mine.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s