Kalenderbekjennelsar

nisse_som_lerDet er ein ting eg aldri får til. Og det står ikkje på innsatsviljen, for den kan vere nokså intens til tider. Det er berre slik at uansett kor hardt eg prøver, så går det ikkje så bra. Ungane berre ler av meg, og kjem heilt sikkert til å fortelje om det i gravferda mi ein dag. Men det blir sikkert berre morro. Noko må dei ha å le av etter meg og.

Eg er typen som laga glansbildekalender då ungane var små, ein sånn med glansbilde og bibelvers om julebodskapen. Og eitt år prøvde eg meg på aktivitetskalender. Det vart ikkje akkurat noko suksess, for vi i denne familien er ikkje akkurat verdens mest strukturerte gjeng. Korleis kan eg vite i slutten av november kva dag eg skal bake pepperkaker eller lage snømann?

Det har seg slik at eg dei siste åra iherdig har forsøkt meg på pakkekalender. No er det ikkje slik at det aldri går bra, for eit år gjorde det det. Men då brukte eg ei heil sårt tiltrengt romantisk Bergenshelg med min kjære til å finne småpakkar til mine kjære små. Eg tråkla heile Bergens salgskorger etter noklunde billige, men svært nyttige gåver. For det byr meg mot å kjøpe unyttige plastdigsar til 20 kroner. Og det er heilt uaktuelt å kjøpe dyre kaldergåver. Eg fann mykje smart den førjulshelga der eg trava gjennom Bergens gater med mannen på slep. Slitsomt var det og trøtt i beina vart eg og.

Men etter det har det gått frå vondt til verre. I fjor kom eg i tidsnød når pakkekaldenderen skulle vere ferdig midt mellom eksamensoppgåver om fonologi og August Strindbergs okkultisme. Så eg fekk raska med meg noko tull på Søstrene Grene som eg pakka inn i fynkande fei. Det resulterte i lett oppgitte blikk og skuldertrekk, og etterkvart latter hos mine små. Ein minipyntesopp var kanskje ikkje heilt kjempetreff når ungane har passert ein viss alder.

Så eg tenkte at i år skulle eg reise kjerringa, for å sei det slik. Guten min på 13 fastholdt at han nok var for stor til slikt no. Men eg, nei eg stod på mitt. I år skulle han få ordentlige saker, for ein gongs skuld. (Utan at det kosta skjorta sjølvsagt.) Og eg fekk den lysande idéen om at eg kunne pakke inn litt deilig snop. Kjempeidé!! Sjokolade og lakris i små søte nisseposar var kjempegreier. Trudde eg. Heilt til nokre dagar uti desember. Ungane berre ler, for snopet blir seigare og seigare og tørrare og tørrare. For å sei det slik så burde eg pakka det inn i noko anna enn papirposar. Så ungane fortsetter å ha det muntert, for kvar morgon får dei kose seg med seigt og tørt snop. Men dei presiserer heile tida, snille og veloppdragne som dei er: «vi er glad for det altså».

Eg får det ikkje til. Neste år kjem eg til å kjøpe sjokoladekaleder trur eg, viss eg ikkje får andre lysande idéar. For eigentleg trur eg at eg får det til kvart år. Kanskje eg og mannen får bruke ei romantisk helg i byen på prosjektet? Men eg veit ikkje om mine ungar blir så mykje lykkeligare av det. Iallefall blir ikkje eg det. Ho-ho!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s