Brysom konvertering?

«Hysj», sa St. Peter ved inngangen til himmelen. «Det er pinsevennar her, og dei trur dei er dei einaste som er her».

No er det ikkje berre pinsekristne som har ein tendens til å tenke at dei er dei einaste skikkelige kristne. Gjennom tidene er det mange som har tenkt slik, både katolikkar, lutheranerar, pinsevenner og andre venner. Litt for mange som har «sett lyset» tenderer til å tru at det er ein sjølv som har rett i det meste. Vi er no ein gong slik vi menneske. Det er best og lettast å tenke at ein har rett sjølv. Ofte høyrer ein folk seie: «jammen, vår samanheng trur berre på bibelen». Vel, eg trur ingen av oss kjem utanom at vi tolkar og ser verda gjennom både konfesjonsbriller, oppvekstbriller og kulturelle briller. Slik er det berre. Vi tolkar, skjønner stykkevis og delt, heile hurven. Men SAMMEN med alle dei hellige, skal vi forstå… Derfor synes eg det er greit å inneha ein viss form for ydmykhet i forhold til kristne som tolker ting annleis enn meg. Vi snakker om ei historie på 2000 år- med kristendom tolka inn i uhorvelig mange versjonar og kulturar som slett ikkje liknar særleg på kvarandre ein gong.

I kjølvatnet av Ulf Ekman si komande konvertering til katolisismen er det interessant å sjå at reformasjonens betydning får ein renessanse hos pinsekristne. Det er og interessant å sjå pinsevennar som plutselig omtaler seg som som luthereranarar. Så det skal han ha Ulf: han har i det minste greid å skape enhet på den reformerte sida av gjerdet, enn så lenge, i Skandinavia kanskje? Så vil eg legge til at eg slett ikkje forstår Ekman- det er ikkje min veg, for å sei det slik som fleire har sagt det dei siste dagane. Men eg respekterer at han følger si overbevisning. (Forresten er det slett ikkje så langt frå den ekstreme trosbevegelsen til katolisismen. Forskjellen er at i trosbevegelsen sat paven rett ved sida di…I den katolske kyrkja er det i det minste ganske langt til Vatikanet, sjølv om eg faktisk har stor sans for pave Frans.)

Eg anser frelste katolikkar som søsken, akkurat som frelste pinsevennar, og frelste ortodokse:-) Og ja, eg kjenner slike folk i alle leirar. Godt det er stor takhøyde og raushet hos Gud, så mykje som vi skal kjekle. Og så er det godt at konfesjonane ikkje finst i himmelen. Som eg skreiv i ein artikkel: «I himmelen finst ingen pinsevennar»- eg skal legge til at det gjeld både katolikkar og lutheranerar og.

Ha gode dagar, sjølv om Ekman blir katolikk! Verden går slett ikkje under av den grunn. Og viss konverteringa er veldig brysom for enkelte, er det kanskje eit teikn på ein burde bli litt meir sjølvstendig? Det finst ting i verda som er langt meir dramatiske enn at ein pensjonert kristenleiar frå Sverige blir katolikk. Og forresten, viss enden skulle vere nær av denne grunn, undrar eg på kvifor det, når det allereie er over 1 milliard katolikkar i verda?

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s