Eg kan kome som eg er- historia bak ein song

Eg har tygd på ein sang dei siste dagane. Det er gjerne slik når eg skriv. Eg har eit tema som gneg på innsida, noko eg liksom ikkje får sett heilt ord og tone på. Slik kan det rett og slett gnage i dagevis, eller av og til veker og månader, til eg blir sprø, heilt til eg set meg ned med blokka og pennen, ved pianoet. Det begynner ofte med små setningar, små ord som må vere med. Så kjem tonane, og fingrane leikar seg over tangentane. Til slutt vert det, om eg er heldig, til ein sang. Av og til går det fort, og andre gonger vert det berre tullball.

Som ung lærte eg at ein måtte legge av alt som tyngde, og så sjå på Jesus, som om ein måtte legge av seg bagasjen ein bar med seg, innforstått: eg må vere ein annan for å kome til Gud. Så feil det kan bli. Det vi opplever og erfarer på godt og vondt heng ved oss på eit vis, på godt og vondt. Det blir ein del av oss. Derfor kan vi ikkje «legge det av», men vi må ha det med oss inn i gudsrelasjonen. Så vil han hjelpe oss og bære det. På sett og vis må ein forsone seg med den bagasjen ein har. Til Gud kan vi kome uansett. Det einaste vi treng å gjere er å kome. Det er han som har skapt oss i sitt bilde, det er han som har utrusta oss som vi er. Eg, med min bagasje, kan få kome, akkurat som eg er og med alt eg har.

Så vart det ein song om det. For min del borer tonar seg djupare enn kun ord. Når eg syng noko, ser eg det på ein annan måte, på ein djupare og meir gjennomgripande måte. Eg trur ikkje eg er aleine om å ha det slik. Eigentleg er dette noko ein må gjenoppdage på nytt og på nytt. Vi kan kome som vi er, og vere sånn vi er, og han lar oss vere slik vi er.

Eg kan kome som eg er

Eg kan vere sånn eg er

Når eg kjem til deg Gud

Du tek imot meg som eg er

Lar meg vere den eg er

For du har skapt meg

Underfullt laga

Skapt i ditt bilde

Uendelig verdifull for deg

Du har gitt meg din nåde så stor og mektig

Eg kan tilhøyre deg, og vere din

Ditt kjæraste barn og fine skapning

Er vi menneskebarn for deg

Advertisements

2 Comments

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s