Du tek imot meg sånn eg er

fotograf Solveig Grønstøl
fotograf Solveig Grønstøl

Ein av dei gode tinga med å ha hybelbuande barn, er fredagane når dei kjem heim. Når døra går opp, og ungdomen ropar «hallo» er det alltid litt fest i heimen. Lange helgefrukostar, med både to og tre kaffikoppar. God tid. Gode og trygge foreldre tek alltid mot barna sine når dei kjem heimom. Dei set ikkje krav til ytre staffasje, til legning, tru eller andre ting. Når barna kjem heim, vert dei tekne imot. Det er alltid ei open dør. Ungane prøver meg av og til.  Kva om eg hadde drukke meg skikkelig dritings?  Kva om eg vart narkoman? Kva om eg skrifta religion, eller slutta å tru på Gud? Det er slikt vi snakkar om rundt kjøkkenbordet. Men eg har kome til, at som mor har eg ikkje anna valg enn å ta imot ungane mine når dei kjem heim, uansett. Kva dei gjer, kven dei er forandrer aldri at eg er mor deira, og det kjem aldri til å forandre at eg elskar dei. Slik er det og med Gud. Når vi kjem til han, tek han alltid mot oss. Vi treng ikkje dresse oss opp, eller ta på oss ei anna maske, eller prøve å vere nokon andre enn den vi er. Vi kan kome som vi er, og han tek imot oss sånn vi er. Når ein er heime, kan ein bruke kle ein ikkje brukar ute. Der er lov å ta på kosebuksa, krype usminka oppi sofaen med håret til alle kantar. Det er lov til å gjere ting ein ikkje gjer når ein er hos andre. Det er det som er heime, trygt og godt.  Slik er det og å kome heim til Gud. Tenk om ein kunne forstå det litt meir.

Lesverdig:  Den bortkomne sonen

Høyr «eg kan kome som eg er»

Advertisements

2 Comments

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s