Om vi berre stansar opp…

sol-1

Vegen er like lang opp som han var ned. Så enkel logikk, likevel så vanskeleg å skjøne, når ein klatrar oppover etter å ha vore så langt der nede. Vegen ned hadde nok vore lang, sjølv om eg nærast ikkje merka han. Difor har det teke si tid å kome opp att. Det rare er at å klatre opp att ikkje kan samanliknast med fjellturar. Prestasjonsmetaforane strekk ikkje til når ein skal forklare. Nei, å klatre opp att har vore som å segle i stilla. Ligge på rek. Gjere ingenting.  Kjede seg. Kjenne kor vondt det er å ikkje gjere noko. For det gjer vondt nettopp fordi det er så uvant.

For det er berre når ein våger å la livet stilne av, ein kan finne ny kraft. Det er berre når ein stansar opp, at landskapet står såpass stille rundt ein at ein kan navigere og finne att retninga.

Eg måtte finne ut kor eg var komen. Livet hadde rasa så fort avgarde at eg ikkje visste kor eg var lenger. Brått var eg komen ut i ukjent og farleg terreng, Kreftene var brukt opp. Eg segna om ein augneblink. Eg var i villrede. Kor var eg komen?

Eg måtte finne krefter att. Ligge på rygg og sjå skyene segle avgarde. Eg måtte kjenne korleis det var å gå med bare tær i duggvått sommargras. Eg hadde gløymt det. Eg hadde gløymt såpass mykje at det hadde blitt vondt å ligge der og sjå på skyene.

stillehav

Skyene, dei segla avgarde, og eg vart liggande å duppe i stillebeltet. Lenge. Så endeleg ein dag kunne eg kikke opp og sjå det nydelege landskapet kome til syne att. Solstrålene smaug seg gjennom skylaget. Dei varma lint det slitne ansiktet mitt. Eg fekk nye krefter. Så godt det var.

Vi lever så hastig vi menneske. Mange av oss er så lite flinke til å stanse opp. Alt det fine ein kan sjå om ein berre stansar litt, for ein pustepause. Ein rast. Ein matbit langs vegen. Ein solstråle som streifar eit lauvtre i all si prakt. Eit anna menneske som ligg der i stillebeltet og duppar. Eit nært møte mellom to, fordi dei begge stansa opp og hadde tid. Det er slikt som endrar oss, gjer noko på djupet. Ikkje haste vidare. Ikkje sjå på dei store tinga. Berre desse små, små gode stundene og øyeblikka. Om vi berre stansar opp.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s