Ein pust i bakken

untitled-13329

Eg har ikkje skrive så mykje den siste tida. Det blir mest småglimt ein sjeldan gong. Det er helst fordi eg har hatt andre ting på plakaten, og skrivinga har vorte avgrensa til oppgåveskriving. Men no, etter seks års jobbing er 4 1/2 års høgskulestudier endelig kome til ein ende. Ja, eg har hatt min siste eksamen, og skrive mi siste oppgåve på ei god stund. No skal eg ha studiepause, og pust i bakken. Men sjølv kor letta eg har vore over å vere ferdig, fann eg meg sjølv trålande på nett i dag, for å undersøke ulike mastergradsstudium.

Men no må eg ta ein pust i bakken. Og kanskje får eg lyst å skrive meir etterkvart her på bloggen, no som eg ikkje skal skrive akademiske oppgåver. Eg har mange kvernande emne i hovudet for tida, som handlar om usunn vs sunn religiøsitet, ulike trusperspektiv, etiske perspektiv i fellesskapet, for å nemne noko. Eg håpar eg kjem så langt at eg greier å skrive om det. I augneblikken berre kvernar det. Men det er vel slik det er når ein kviler i bakken.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s