Du MÅ le!

Eg kjende eit lite kaldt gufs frå mi eiga fortid her i dag. Ikkje det at det var så ille eller vondt på nokon måte. Men du veit, som i litt småskumle dårlege filmar frå barndomen, der dører knirkar og einslege skuggar spring over golvet medan ørsmå kalde drag i lufta brer om seg. Omtrent slik var det. Eg kom til å lese Dagen.

Dei kunne meddele at det fantes ein bibelskule i Norge der det er lovpålagt å le av læraren, der læraren har absolutt autoritet og  full oppmerksomhet i rommet  og der det ikkje skal stillast spørsmål til undervisninga. Ja elevane får ikkje lov til å spør lærarane sine (!). Og det er ikkje alt, det er meir. Damer skal ikkje ha utfordrande kle, ikkje menn heller, sjølv om eg alltid har undra meg over kva kle det kan vere. Så var det dette med datamaskiner, som kva tid som helst skal kunne inspiserast av læraren. Og viss du gjer noko som strider med bibelen, får du kanskje ikkje kursbevis (kven får det då, undrar eg).

Det er underleg at slike miljø enda finst i vårt gode land. Dei som kjenner norsk kristenhet, veit at slike reglar var svært aktuelle i visse trosbevegelsemiljø på 90-talet. Eg var med på noko slikt. Men ingen reglar sa at eg måtte le av lærarane sine vitsar. Der går grensa. Eg tør nesten ikkje tenke på at mine elevar skulle vere lovpålagt å le av mine vitsar iallefall. Det kan umogleg vere særleg kjekt å undervise elevar som MÅ le av deg.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s