«Let it go»

Mannen min foreslo her om dagen at eg burde synge meir på den songen frå Frost, «Let it go». Eg er nemleg ikkje så flink på akkurat det, å la det gå. Eg heng meg som regel litt fast i saker og ting, og viklar meg inn i spidelveva.

Så eg bestemte meg for å lage ei liste over alt eg skulle slutte å bry meg med. Småentusiastisk fortalte eg ein av ungane om lista mi. Eg fekk eit smil attende- «Kva skal stå på den? Sure klutar?»

Det kunne visst stått sure klutar på lista, men eg tenkte meir på dei store tinga. Dei som ikkje kan nemnast på ein blogg. Ting som eg tenkjer alt for mykje på, som viklar meg fast i eit klister av uro. Ikkje så lett alltid. Gjentakande.

Det skal ikkje vere lett å vere menneske alltid. Ein dag om gongen, brukar eg å sei til ungane når livet ballar seg. Ein dag, eitt skritt. Ta gledene og sorgene som dei kjem. Så får eg lære meg å «let it go» litt etter kvart. Og lista mi, er framleis på tankestadiet.

Sure klutar, eg trur eg skriv det opp.

Advertisements

One Comment

  1. Dette var kjente erfaringer! Ting man tenker på – store ting – ting som ikke nevnes…. Grublerier kalles det vel og kan være rene tankespinn, ting som ikke går opp, tro og tvil, frykt, tap og skuffelser. Ofte vanskelig og negativt – og som gir uro!

    Jeg har vært der, og ønsker meg ikke tilbake! Let it go!

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s