Framleis frelst?

Framleis frelst, men utbrend på menighet. Det høyres kanskje rart ut, men det er det eg er. Terapeuten eg gjekk til, som visste kva han snakka om, kalla det nettopp det. Eg greier det ikkje, uansett kva eg gjer og kva eg prøver.

Historia mi er lang og kronglete. Ho byrja med pur Jesusforelsking på ten-festivalar i tidlig ungdomstid, gjekk vegen om fanatisk-karismatisk-sekterisk bibelskule på 90-talet og vidare gjennom både trus- og pinsekarismatiske kyrkjer. Alle med nokre fellestrekk som ikkje alltid var uttalt, men det låg i korta: Vi var dei som hadde den siste openberringa i tida. Det var vi som hadde forstått det, og dessutan: Vi trur på bibelen slik han står. Litt stolte kunne vi vere. For ikkje alle kristne gjorde det.

Fanatisme, fundamentalisme, bibeltruskap. Orda smakar dårleg no for tida. Men på 90 og 2000- talet var det ord med positiv klang i miljøa eg vanka i. Å vere dedikert, helst godt over hundre prosent, lønte seg. Det viste at ein gjekk med Gud.

Om vekkelsen som aldri kom
I Toronto. Foto: Solveig Grønstøl

Ein skulle nesten tru ein kappast om å vere den mest ekstreme og uthaldande. Lange møter og konferansar og timelange lovsongsmøter. Bønnenetter. Åndelege manifestasjonar. Falling og risting. Brøling og hysterisk latter. Alt dette var ingrediensar, tidvis. Jo meir action, desto meir Heilag Ande. Så var det desse åndelege fyllekulene. Ein gong vart eg filma på nært hald medan eg hadde ein slags ”åndeleg latterkrampe”. Nærbilete av meg vart kringkasta på lokal-TV. Eg var 15 år den gongen. Om eg var aldri så brennande for Jesus, hugsar eg det som svært ubehageleg. Eg hadde ikkje akkurat lyst å vise meg ute dagen etterpå. Ein anna gong slo predikanten meg så hardt i magen at eg ramla i golvet og slo hovudet hardt i møteverten sitt kne. Det var ungdomsmøte. Predikanten var ein av dei store stjernene. Dei rundt meg trudde eg var full i ånden. Eg gjekk fortumla heim. Det var mørkt og kaldt ute. Eg var livredd for å svime av på vegen. Det var før mobiltelefonens tid. Eg var snart 16.

Som vaksen gjekk eg inn og ut av miljøa. Vart det for ekstremt, trakk eg meg til sides. Men eg haldt meg i nærleiken, redd for å gå glipp av Guds plan for meg. Så tidvis var eg med, brennande for Gud og med ei nagande kjensle over at eg kanskje gjekk glipp av Guds vilje om eg ikkje gav meg inn under dei fine visjonane og trua på vekkinga. Sakte, men sikkert, viska eg ut meg sjølv i iveren etter å tene noko større. Eg vart dyktig på å undertrykke eigne kjensler og eg let meg kaste omkring av andre sine og mine eigne visjonar.

Så kom dagen då eg ikkje orka hykleriet lengre. Eg orka ikkje lengre gje alt for noko eg ikkje trudde på lenger. Ei vekking som aldri kom. Leiarar som manipulerte folk med ”Guds vilje” og såkalla profetiar. Leiarar som påstod dei var innsett av Gud og hadde eit kall, men som behandla andre så dårleg at eg hadde store problem med å sjå korleis Gud kunne vere med i det heile. Predikantar som innhenta informasjon på menigheten sitt bakrom for så å presentere sladder i profetiform. Dessutan skjemtes eg over meg sjølv. Ikkje berre hadde eg drive meg sjølv hardt, men også andre. Også eg hadde trådd over grenser. No var eg så uendelig sliten. Eg fann meg sjølv i ein situasjon der eg måtte finne meg sjølv att. Eg var blitt ei som ikkje såg dei rundt meg, ei som aldri hadde ro, ei som tenderte til å bruke både seg sjølv og andre som middel på vegen. Sjølv om eg hadde gode intensjonar om å tene Gud, hadde eg gjort alt dette.

Dagens mobilbilde
foto: Solveig Grønstøl

Eg tok steget, sa at nok var nok, og meldte meg ut. No venta eg ikkje lenger på stemma der oppe. Eg handla fordi eg måtte. Livet mitt låg berre i mine eigne hender.

Fridomen på utsida var både god og vond. Eg sakna fellesskapen, men nøyt det å endeleg kunne tenke fritt og sjølvstendig att. Heilt sidan min tidlege ungdom hadde eg vore fanga i desse sjølvdestruktive sekteriske miljøa. Eg brukte lang tid på å finne meg sjølv og finne ut kva eg trudde på. Iblant nærma eg meg miljøa igjen, men eg svinsa berre fort forbi. Det viste seg etterkvart at eg var alt for brent til å vere med. Ein anna ting var at eg såg spelet frå utsida. Stammespråket der inne verka alt for ekskluderandre. Eg hadde tenkt sjølv, for lenge.

Når ein har gått på kompromiss med sine eigne verdiar og personlegdom i så mange år som eg gjorde, har det teke tid å finne ut kven eg var eigentleg og kva eg trudde på. Så ein dag kom dagen då eg lura på om eg verkeleg trudde. Var eg frelst, eg som hadde tapt sjølve Guds augnestein, menigheten? Kunne eg vere frelst eg som måtte forlate alt eg hadde vore med på for å berge meg sjølv?

cropped-zz4s8960mot-havet.jpg
foto: Solveig Grønstøl

Så etterkvart som åra gjekk kom eg gradvis til at det var Gud som haldt meg fast. Det var ikkje eg som skulle halde i han. Hans eksistens overgår kva eg greidde å tru. Han var der om eg ikkje følte det. Det faktum at eg ikkje lengre greidde og makta vere brennande for han, endra ingenting i forhold til kven Gud var. Ein dag greidde eg endeleg å slå meg til ro med at eg hadde ikkje blod på hendene, sjølv om metaforen som predikanten brukte i mi ungdomstid sat som spikra. Det er ikkje menneske som skal frelse. Eg er ikkje lengre ei brikke i eit større spel. Eg er berre meg.

Gud er. Det er han uansett kva eg har føre meg. Det er det som er den store løyndomen. I det kan eg kvile. Eg, med den eg er og det eg gjer endrar aldri kven Gud er. Så eg er framleis frelst. Gud gjorde det.

 

 

Frelst på VG-tv

Halvbror i Herren Bjørn Aslaksen

Jesussoldaten– Anders Torp

Hjelpekilden

10 kommentarer

  1. Du er god Solveig til å sette ord på det som skjedde. Vi som var vaksne trenger å be dere som var unge om tilgivelse. Glad for at du har fått møte gode kloke mennesker i ettertid og at du har fått møtt Guds / Jesus sin uendelige kjærlighet og nåde. Han gjorde alt og du er Guds kjære favoritt.

    Liker

    1. Takk for det du skriv! Å høyre foreldregenerasjonen be om tilgivelse for det som skjedde den gangen, gjer godt. Eg har tenkt på det mange ganger- vi var berre barn. Vi kunne ikkje ta ansvar for det vi vart utsett for. Måtte vi passe bedre på neste generasjon og lære av det som skjedde. Fanatisme er alltid farlig, også i kristen drakt.

      Liker

  2. Bra skrevet! I utgangspunktet skal en menighet fungere som et kraftsenter hvor man kan hente påfyll og inspirasjon. Imidlertid kan like godt menighetslivet bli nedbrytende og destruktivt. For å beholde troen er det i enkelte tilfeller vel så smart å stå på utsiden av menighetslivet enn å være del av en usunn menighet og forkynnelse.

    Menighetsliv bør ikke bidra til at man mister seg selv eller blir tvunget inn i ting som en ikke kan stå inne for.

    Liker

    1. Takk for kommentar. Så hjertens enig med deg, Bjørn Roger. Når ein mister seg sjølv, bør ein stoppe opp og kanskje forlate miljøet ein er ein del av. Å stå i dette over tid er skadelig, og spesielt ille er det når det er snakk om barn/ungdom.

      Liker

  3. Bra skrive og kloke refleksjonar av vår dotter. Dette er hennar historie slik ho opplevde den, rett fram og «rett frå levra» som ho alltid har vært.
    Ja vi har sett det samme, men vi har likevel kome fram til litt andre konklusjonar. Det er samtidig vondt å lese, og vi må stille oss spørsmål om vi burde ha gjort ting annleis på eit tidligare stadium? Sjølvsagt burde vi det, sett i lys av det vi veit i ettertid. Det er alltid lettare å gå på ferdiglagde veier der folk alltid har gått, enn å tørre å gå nye veier. Kanskje skulle vi som foreldre ha nekta Solveig å gå på bibelskule når ho som 16 åring hadde eit brennande ynskje om det? Men samtidig skjedde det gjennom det positive ting som fekk konsekvensar vidare. Solveig fekk møte sin ektemann i den tida, og dei er ei flott familie. Akkurat det ville vi ikkje ha vore forutan!!

    Skadane av norges største menighetskolaps har vore store, og det bør vi ta alle ta lærdom av uansett kva samanheng vi tilhøyrer. Ingen har grunn til å hovere, for slike ting skjer meir eller mindre i alle samanhengar frå tid til anna, om enn ikkje så synleg og offentleg som i Bergen. Ingen går heilt klar, frå kyrkje, indremisjon til pinsesamanheng og andre meir karismatiske fellesskap. Eg kjenner til mykje som har gått gale i mange ulike kristne samanhengar. Men samtidig kjenner eg til mange ting som har gått bra. Kunne vi bare forstå at vi er menneske midt opp i det heile.
    Sjølve opplevde vi oss aldri som ein del av den kulturen Solveig beskriv, sjølv om mange plasserte oss der. Men vi fekk sjå det på nært hold eit par tre år på midten av 90-tallet. Ganske snart tok vi til å stille spørsmål om ting og haldningar vi møtte. Det vart møtt med fiendskap frå ledelsen, men også skepsis frå andre i miljøet som ikkje såg det vi såg. Det var nok ikkje rom for spørsmål. For oss handla det etter kvart om å være den en var skapt til å være, og leve vårt liv.

    Ja, det er mangt ein skulle gjort annleis om en bare visste det ein veit i dag. Det er alltid lett å sjå i ettertid. Sjølvsagt hadde vi som vaksne ein annan erfaringsbakgrunn til å sile ut det usunne enn dei som var unge, men ikkje alltid er det heller så lett uansett alder. Mange vart skuffa og såra, men midt opp i det heile fekk mange menneske eit forvandla liv på ein positiv måte. Så bildet er ikkje udelt negativt, men det er heller ikkje det Solveig tek opp.
    Etter fleire år i etablerte menighetsstrukturar fann vi ut at det heller ikkje hadde svaret vi leita etter. Sjølv vart eg i ung alder dyktig utbrent i kyrkjeleg samanheng, noko som skada meg djupt i mange år. Slikt skjer i mange samanhengar, og har ikkje alltid årsak i samanhengen. For min del hadde det like mykje med min iver å gjere, og saman med uklart personalansvar vart det ein uheldig miks. Legedomen kom i det å ta ansvar sjølv for den situasjonen eg var hamna i. Det var ikkje Gud som hadde pressa meg.
    Svaret fant eg heller ikkje i etablerte bedehus eller pinsemenigheter. Betyr det at menighet ikkje er Guds plan? Nei, vi vil ikkje legge bort Bibelens ord, men vi vil heller søke å bygge fellesskap der samhold, kjærleik og ærlighet er nokre stikkord for verdiar vi vil legge til grunn for korleis vi er imot kvarandre. Ved å senke skuldrane og innsjå at vi er menneske alle saman, kan vi la Gud være Gud, og då får han bruke oss på ein måte som ikkje fortærer oss men som gjev oss meining med livet, energi og utvikling.
    Vi trur fortsatt på at det går an å bygge menighet der den enkelte får være seg sjølv og finne styrke til å leve i pakt med både Gud og medmennesker. Ein plass å utvikle seg utan overstyring og kontroll. Eller for den sagt skuld, også ein plass der mennesker i felleskapet ikkje får manipulerer og herse med andre. Så får ein etter beste evne forsøke å møte mennesker der dei er, og gje dei hjelp til å finne seg sjølv og den plass den enkelte har på Jesu kropp.
    Eg håpar og ber om at alle som har vorte skada i menighetssamanheng skal oppleve seg elska for den ein er, og finne finne styrke til å utvikle sitt eige forhold til Gud. Først då er ein i stand til å stå saman med andre. Glad i deg kjære dattera vår!

    Liker

  4. Takk pappa! Her var det mange gode tankar og refleksjonar. Vi har hatt ulike vegar og ser ulikt på ein del ting.

    Ein ting heng eg meg opp i: Du skriv «Sjølvsagt hadde vi som vaksne ein annan erfaringsbakgrunn til å sile ut det usunne enn dei som var unge, men ikkje alltid er det heller så lett uansett alder.» Nei, det er ikkje lett uansett alder. Men likevel trur eg det å vere barn og vaksen i slike samanhengar er den store forskjellen. Som barn og ung blir indetiteten danna. Å vere i denne prosessen midt i et miljø der ein ikkje får tenke sjølv, der andre legg føring for kva ein skal tru og meine, blir ekstremt skadelig. Når ein er vaksen kan ein ta ansvar for dette sjølv. (sjølv om vaksne også blir fanga i sekter og usunne miljø, spesielt i sårbare faser av livet) Eit barn/ungdom er prisgitt at vaksne rundt tar det ansvaret. Så blir ein vaksen og må ta ansvar sjølv for å kome vidare, noko eg først eigentleg gjorde den dagen eg sa takk og farvel. Men ansvaret for det som skjedde må alltid ligge på leiararane/dei vaksne. Dette ser ein tydelig i boka om Anders Torp som problematiserer nettopp dette. Brennande unge treng trygge rammer og korrektiv. Flammar som lever sitt eige liv, kan gjere veldig stor skade.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s