Hus med sjel

 

inger johanne endresen 1935.JPG
mormor Inger Johanne som lita jente på 30-talet, framfor huset vårt

Det er ikkje tull det dei seier om hus med sjel. Eg trur ikkje berre det handlar om gamle hus med særpreg. Eg er nemleg sikker på at ting festar seg i veggane etter dei som har budd der.

 

 

jula-1949-2
Stova vår jula 1949

Vi bur i eit hus som over hundre år gammalt. Min tippoldefar bygde det i 1912. I generasjonar har det vore fylt opp av unge og gamle, små og store, einslege tanter- snille og strenge, besteforeldre, ungar og skuleelevar som har budd på loftet. Og så var det mine besteforldre då. Dei er døde no. Mormor var organist i mange år, før ho opna fysikalsk institutt i 2. etasje. Morfar var ein pensjonert prest, som alltid hadde drøymt om å bli musikar. Dei  spelte begge to på pianoet som framleis står i stova vår. Musikk har det forreisten alltid vore i huset, heilt frå starten av. Slekta mi er full av musikkglade menneske, der dei fleste trakterer eller har traktert tangentane. Men så er det det rare og  merkverdige.  Folk fortel nemleg at når dei er hos oss, høyrer dei musikk sjølv om ingen spelar musikk. Det er som det sit i veggane.

morfars80årsdag-33.JPG
prestemorfaren min på 80-årsdagen hans

Det sit mykje i veggane hos oss. Av og til fornemmer eg at generasjonane før meg framleis er i huset på eit vis. Eg kan kome heim etter ei helg på hytta, opne døra og kjenne lukta etter mormor og morfar, no fleire år etter dei er borte.  Eg kan tenne eit lys om kvelden og plutselig kjenne på saknet etter morfar, som eit kort vindpust. Det er som om han nettopp sat der på stolen og gav meg ei lekse om luthersk teologi eller noko i den duren.Eller spelte på pianoet, ein arie eller ei salme frå salmeboka. Gode morfaren min.

No er det kveld og eg høyrer mannen min og dottera mi synge og spele frå stova. Skal tru om denne musikken og lever vidare i veggane for dei som kjem etter oss?

 

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s