Boklykke og sjelero

bokerEit av mine barndoms paradis var min morfars bokhyller. Bøker gjev meg nemleg ei sånn uendelig sjelero.  I morfars bokhyller fann eg alt frå leksikon, diverse faglitteratur, kongebøker, dikt, salmebøker til slektsbøker, Snorres kongesaga og gamle album. Alt, eit prima skattekammer for ei vitebegjærlig lita jente.

Etterkvart som vi flytta til ein større plass i landet vart biblioteket ein naturleg plass å gå. Eg hugsa enda at eg lånte meg halve hyllemetrar i utbrukte bæreposar frå matbutikken. Ingenting kunne måle seg med det å fordjupe seg i andre sine verdenar, få nye impulsar mellom boksidene. Mine eigne bøker stod fint i alfabetisk rekkefølge i hylla mi.

Bøker gjev meg enda større lykke enn det meste anna. Ein heim utan, er mest utenkeleg. Men i periodar, når livet er for travelt, får eg ikkje til å lese. Det er eit varselsignal. Så i dag tok eg grep, tok meg ein tur til min gamle arbeidsplass, vandra langs hyllene, kjente på blodtrykket som formeleg sank innvendig, og eg fylte opp veska med nytt snadder. Dikt og poesi er kanskje det som står høgst i kurs når hovudet er fullt av andre ting. No gler eg meg berre til å lese.

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s