Sommel

Ein skal alltid trø varsamt når ein glorifiserer tidligare generasjonar sine barndommar på bekostning av dagens generasjon ungar. Men noko hadde me den gongen, før i tida, som eg plutseleg her ein dag innsåg dagens ungar ikkje har. Me hadde nemleg tid til å somle på heimvegen etter skuletid. Ja, bruke riktig så lang tid. Ta alle snarvegane over steinar, gjerder, trave langs med bekkefar, springe over jorder og gjennom skogholt.  For ikkje gløyme matpausane i steinurer og oppi tre og kosing med både lam og hestar. Så gjekk me på epleslang og sang for gamle damer for å få å twist. Dagens ungar har jo sjeldan tid til slikt der dei vert skyssa mellom lange skuledagar, SFO og fritidsaktivitetar.

Eg veit ikkje om ungar i dag går på epleslang i det heile teke eller syng for gamle damer for å få twist eller andre goder. Men me gjorde det. Det vil sei at eg gjekk på slang i fullstendig visshet om at magen kom til å verke i sånn omtrent ei veke etterpå. Å synge for gamle damer derimot, fann eg stor glede i. «Den prektigkledde sommerfugl er fløyet fra Guds hånd…», av Wergeland song me, av full hals, berre for ein liten lakristwist og lov til å gå på slang i hagen heilt lovleg. Det gjorde godt for samvitsfulle meg å få vere på rett side av jussen.

Ungar i dag har det så travelt. Det er fotball, handball, korps, kulturskule, kor, lekser, skule og eg veit ikkje kva. Ikkje det at me ikkje gjekk på fritidsaktivitetar, eg gjekk både på barneforening, korps og kor eg, men eg kan ikkje hugse at vi måtte skunde oss heim frå skulen for å få tid til alt. Ikkje kan eg hugse ein kvardag som var fylt til randen heller. For me hadde tid til å somle på heimvegen. Eg til dømes, hadde min eigen snarveg over eit jorde, hugsar eg. Der var det stutar som eg var ordentlig redd for. Så eg sprang, alltid, utan å snu meg så mykje som ein millimeter til sides. Med blodsmak i munnen og adrenalinrusj gjennom kroppen, heiv eg meg over gjerdet på andre sida av marka, vel vitande at eg nok overdreiv ein smule. I dag er eg nesten sikker på at der slett ikkje var stutar der. Det var nok rein innbildning.

Eg må nesten fortelje om bror min òg. Han var definitivt verre enn meg og tok ofte vegen gjennom storskogen på heimveg. Det kunne ta timar og det utan tilgong til mobiltelefonar. Tenk det!  Foreldra mine ante ikkje kor han var. Eg kan berre hugsa dei var redd for han ein gong. Men då hadde han brukt timevis. Men han kom alltid heim. Ofte ganske skitten.

Kva ungar i dag går glipp av er uvisst. Men det å ha god nok tid til å somle, trur eg kunne gjort mange ungar godt. Stressplager i små kroppar må utvilsomt vere skadeleg på sikt. Det er jo på same viset for oss vaksne òg. Kva er det vi spring beina av oss for? Stutar me veit ikkje eksisterer? Me lever som om livet var ein einaste stor konkurranse. Skadeomfanget heiter utbrenthet, depresjonar, angst og så vidare. Så kva med å byrje å somle meir på heimveg att, slik ungane gjorde før. Eg er heilt sikker på at det kan ligge ein skjult samfunnsmessig skatt der som heiter  friskare ungar og vaksne. Folkehelse, er det ikkje det det heiter?

Eg veit ikkje kva du skal i dag. Men eg har tenkt å somle. Berre litt.

Advertisements

2 Comments

  1. Jeg har blitt ukependler for en periode, det har satt meg litt utenfor den faste og velregisserte dagsrytmen på hjemme. Jeg tillater meg å somle litt her og der nå midt i uka og har mer alenetid enn til vanlig – herlig! 🙂
    Fortsatt velsigna god dag!

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s