Det uperfekte foreldreskap

Som mor er eg ganske uperfekt og svært upedagogisk til tider. Men eg har då aldri skjønt meg på poenget med å opptre som ei slags supermor heller, om eg skal vere bånn ærleg. Men eg elskar ungane mine svært høgt og strekk meg ganske langt for dei når dei treng det.

Ein spaltist i Dagbladet skriv i ein artikkel publisert på nett i dag om foreldra til Karsten og Petra (frå barnebokuniverset til Tor Åge Bringsværd, og no filmen). Artikkelforfattaren meiner foreldra i filmen gjer meir av seg sjølv en deltakarane i Paradise Hotel. Han meiner dei vaksne i filmen er feilfrie. Dei har simpelten ingen svakhetar. Aldri blir dei sinte, aldri lei, aldri slitne, aldri lei masing.

Eg må innrømme det. Eg har vore så lei masing at eg ville putte ungane mine oppi ein skuff. Eg har sendt dei ut for å leike fordi eg ikkje orka støy. Eg seier nei av og til fordi eg er sliten og vil ha fred. Av og til kjeftar eg på ungane mine og seier teite ting. Så kjeftar dei tilbake og seier like teite ting tilbake. Så trampar vi litt, slamrar litt med nokre dører, grin litt og ber om tilgjeving etter litt furting.

Eigentleg er det litt synd på Karsten og Petra. No er det ikkje nokon som har perfekte foreldre eigentleg, men eg har ein mistanke om at det er eit slags ideal for nokon. Kvifor ellers smøre denne glatte fasaden så til dei grader ut i offentligheten og sosiale medier?

Perfekte foreldre må ha det veldig slitsomt. Ungane til perfekte foreldre òg. For dei får aldri lært om livet slik det eigenleg er. Perfekte foredre vil skåne ungane for livets realitetar, for sorg, skuffelse, sinne, sjukdom og vonde ting. Dermed trer ungane deira inn i ungdoms- og vaksenlivet utan å ha noko å takle motgang med. Dei trer inn i vaksenlivet og trur verda er til for dei.

Ungane våre toler nemleg feila våre dersom dei veit dei er elska betingelselaust. Om dei veit dei er elska, trur eg dei toler både frustrasjon, leihet, sinne og skuffelse. Dei treng dette vanskelege til og med, for å lære å meistre livet sitt. Ungane har godt av å lære at livet inneheld både vondt og godt, at dei ikkje er prinsar og prinsesser som er verdens midtpunkt.

Så hurra for dei uperfekte foreldreskapet, det som inneheld gode og vonde dagar, skuffelsar og gleder, sorg og sinne, sårhet….. og tonnevis av kjærlighet. Berre slik kan ungane våre lære korleis livet er.

Kjelder:
https://www.dagbladet.no/kultur/vi-ma-snakke-om-foreldrene-til-karsten-og-petra/67405925

http://www.klikk.no/foreldre/barn/curlingforeldre-1614839.ece

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s