Kyrie

Det er noko menneskeleg i det å svikte når det gjeld. Å lukke auga sine og sjå bort er ofte det enklaste i møte med vondskap og urettferdighet. For kva kan ein vel gjere når alt kjem til alt? Er det i det heile teke mogleg å gjere noko med det vonde?

Vi har gått inn i påskehøgtida. Det er langfredag og eg les påsketeksten frå Bibelen. Denne påska festar eg meg med noko anna enn eg vanlegvis gjer. Eg stoppar i teksten på fleire stader som skildrar det svikefulle mennesket. Bjørn Eidsvåg har formulert det mesterleg i Kyrie:

Du låg skjelvande av angst på kne
og svetten rant som blod
Og venene du hadde med
dei sov i største ro
Dei svikta då du trengte dei
du hadde gitt dei alt
Dei valde minste motstands vei
og svikta då det gjaldt

Og eg har tenkt, det sko’kje eg ha gjort
Eg sko’ ha kjempa saman med deg
holdt rundt deg og tørka svetten bort
gjort ka eg kunne for å gle’ deg

Dei dømde deg te død og pine
spotta deg og lo
Og ein av dei du kalla dine
fornekta og bedro
Han svikta då du trengte han
Du hadde gitt han alt
Han var ein veik og vesal mann
som svikta då det gjaldt

Vi bur eit av dei beste landa i verda. Vi er verdast mest lukkelege, seier dei som forskar på det. Vi har goder dei fleste i verda berre kan drøyme om. Ungane våre kan leike fritt utan å vere redde, vi kan puste inn frisk luft, vi har reint vatn og rikeleg med mat på bordet. Vi har trukke vinnarloddet i verdas lykkelotteri. Likevel sviktar vi. I ei tid der rekordstore menneskemengder er på flukt frå krig og tortur, har vi gjort oss mål av å ha verdas strengaste asylpolitikk. Vi stenger grensene for menneske i desperat nød. Vi sviktar altså når det gjeld.

Men påskeforteljinga stansar ikkje ved sviket. I bibelteksten og Bjørn Eidsvågs Kyrie kjem erkjennelsen, etterpå.

Men eg vet at eg og svikte
fornekte og bedrar
Eg gjer’kje det eg vet eg plikte
e hjertelaus og hard
likasel for andres nød
ofta blind for venners sorg
Ka bryr det meg dei andres død
Min kulde e ”så fast en borg”

Likavel e du lika gla i meg
tilgir meg alle feilå mine
Stille tar du kappå di av deg
og tar te å vaska beinå mine

Kyrie eleison

(Bjørn Eidsvåg)

Mi bøn og mitt håp denne påska er at sviket skal erstattast av erkjenning og at nåden igjen skal få rom blant oss, at kjærleik skal erstatte hardheit, at sanning skal erstatte løgn.

Å svikte når det gjeld er menneskeleg. Men Jesus viser oss ein anna veg. Han møter oss med nåde og kjærleik. Måtte vi også møte medmenneske med akkurat det.

Kyrie Eleison- Herre miskunna deg over oss!

Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s