Livet

Det var då ho oppdaga at livet ikkje kunne bestillast som ved eit klikk på nett. Det lot seg ikkje planleggast i detalj eller styrast med fine målsetningar på glansa papir. Livets reise, den vart til kvar dag, der ho var, i dei mange augneblikka. Landskapet ho gjekk gjennom, visste ho nok lite om på førehand. Dei store viddene som tok pusten frå ho, så vakre dei var. Dei djupe dalane, så mørke og uoverkommelege. Dei majestetiske tindane, så ubestigelege, så spisse. Dei forfriskande breane, med dei djupe sprekkene ho måtte varda seg for. Somme tider vart himmelen brått omskapt til svarte skiftande inferno og ho måtte finne ly for lange tider. Det var ei slik tid ho innsåg at livet eigentleg ikkje handla om å kome til eit bestemt mål, men å vere tilstades med heile seg, akkurat der ho var, akkurat no. Først då har livet ein sjanse til bli godt, sjølv om det kan vere både vêrhardt og forblåst. Så, kanskje ein gong eller fleire, kjem ho fram, når vêret tillet det. Men nesten aldri der ho tenkte.

Vinden hadde løya, og etter tunge tider med uvêr kunne ho igjen skimte såvidt solgløtt. Ho fann seg nokre småsteinar der i bekkefaret ved hytta, sette seg på ein stubbe og pusta den skarpe fjellufta heilt ned i magen.- Så det er her eg er no? lo ho halvhøgt, mens ho kasta småsteinane så langt og hardt ho kunne ned i dalen.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s