Om livet, dikt og alt i mellom

Denne vinteren har vore seig. Ikkje det at eg liker vestlandsvintrar til vanleg. Men denne vinteren har vore ekstra ille.

Dei siste vekene har det imidlertid vendt noko. Frå å vere sengeliggande minst fire av sju dagar i veka og i beste fall greie turen rundt huset ein gong i veka, ligg eg no berre ein dag i veka. Ikkje det at eg er bra, langt i fra, men eg har greid å gå meg ein liten tur nesten kvar dag. I dag køyrte eg til og med bil, sjølv om eg berre greide ca 15 km før eg måtte be mannen ta over. Kronisk migrene er ein skikkelig drittsjukdom og øydelegg mestring av heilt daglegdagse ting. Ting som ein tek for gitt, vert heilt håplaust. Som å gå i butikken td. Det er vondt når du har ein innebygd forsterkar inni hovudet som skrur opp volumet ti gonger og hjernen føles som han er kopla på eit avdanka straumnett som har klikka i vinkel. Frysediskane høyres plutselig ut som gigantiske flymaskinar og ungar som skrik vert reine sirenene. Men det er ikkje like ille no. For nokre veker sidan tok eg meg i å kunne ha på baderomsvifta heime, utan å krepere. Omtrent same dag greide eg å gå raskt gjennom ein av dei mest bråkete butikkane eg veit om, uten å føle eg skulle svime av. Det er framgang.

Å vere så dårleg, har fått konsekvensar for tekstane mine. Det er derfor dei har blitt så korte. Eg klarer nemleg sjeldan å sjå på skjerm lenge av gangen, iallefall ikkje ein dataskjerm. Mobilskjermen er betre og perfekt for små tekstar. Derfor har det blitt mange dikt, sjølv om det til tider klør i fingrane etter å skrive nokre lengre skarpe samfunnskritiske tekstar. Men det kjem ikkje no. Ikkje enda. Ikkje før hovudet toler dataskjermen. Og ikkje før eg greier å lage logiske tankerekker igjen, og lese lengre tekstar. No til dømes, skriv eg på mobilen. Det er litt knotete når teksten vert lang. Men i dag har eg altså hatt ein relativt god dag. Eg har brodert på ein duk, skrive ca fem dikt, gått sakte tur i ca 25 minutt, kjørt 15 km, besøkt eit bibliotek, handla litt mat, gjort ingenting og skrive litt til. Det er enormt mykje til å vere meg om dagen. Så eg er litt stolt om eg skal sei det slik. Om vinteren har vore seig, trur eg jammen meg det vårast pittelitt no.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s