Livet er ikkje alltid sånn

Livet er ikkje alltid sånn
At eg bestig fjelltoppar i Himalaya
og latar meg på krittkvite strender
med eit glas raudvin til
Livet er ikkje alltid sånn

Livet er ikkje alltid sånn
At eg nyt livet på balkongen
og solar meg i glansen
av min familie,
mens eg les Dostojevskij og Kafka på si
Livet er ikkje alltid sånn

Men det hender eg pyntar litt på livet
for å ha det gøy.
Nyt sola på balkongen
og let meg bergta av utsikt
på 155 meter.
Det hender det.

For hugs
at bak mine småglimt av lykke
finst minst hundre
heilt vanlege
traurige stunder.
Utan dei
hadde eg neppe
kjent sitrande eufori
over utsikt på 155 meter

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s