Du kan ikkje klara alt

Du kan ikkje klara alt
Du som måtte gå alle omvegane
Alle ekstramila
Du kan ikkje klara alt

Du kan ikkje klara alt
Du som måtte
forsera dei stupbratte fjella
og vandra gjennom dei
endelause solmørke dalane
med gnagande sko
og overfylt sekk
Du kan ikkje klara alt

Dei som kunne ta hovudvegen
kom fort fram
Men du
måtte bruka krefter
for eit heilt liv

Du klarer mykje
Men du klarer ikkje alt
Så sett deg her litt
og kvil deg til morgonen kjem
Når sola gryr går vi saman

©Solveig Johanne Grønstøl 2018

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s